— Eg er nå innstilt på at vi opnar ei sak i Kontrollkomiteen, seier Frp-leiar Carl I. Hagen til Bergens Tidende.

«Nok er nok»

— Vi står nå overfor valet anten å gå ein ny runde med spørsmål til Sponheim, eller så seier vi at nok er nok og tek tak i saka sjølv for å få ho fullt opplyst. Eg trur ikkje at eg vil motsette meg at vi opnar ei sak, seier Kjell Engebretsen som er Ap sin talsmann i komiteen, til Bergens Tidende.

Komiteleiar Ågot Valle (SV) seier til Bergens Tidende at ho har vore innstilt på å opne ei sak, men har villa vente med å gjere framlegg om det inntil det kunne bli fleirtal for det i komiteen. Tida er nå inne, meiner ho.

Luktar statsrådsblod

Opplysningane i brevet frå Sponheim til Kontrollkomiteen, som vart kjent tysdag, skaka opp både politikarar og røynde observatørar. Fleire luktar statsrådsblod. I Venstre likar ein utviklinga særs dårleg. Det gjeld også mellom samarbeidspartnarane.

Det er nå blitt kjent at statssekretær Leif Helge Kongshaug, ikkje berre har hatt møte med selgaren, Henrik P. Thommessen. Han har også personleg godkjend og signert utkastet til omgjeringsvedtak.

I går kom også Ap sin parlamentariske leiar, Jens Stoltenberg, på banen.

Til Bergens Tidende seier han at brevet frå Sponheim viser at Lillesand-saka har vore til «politisk overprøving» i departementet. Han karakteriserer Sponheim si handtering av saka og saksbehandlinga i departementet som «uryddig». Men han vil ha alle fakta på bordet før han trekker konklusjonen om Sponheim sitt forhold.

- Alt eg har sagt er rett

Lars Sponheim seier til Bergens Tidende at all informasjon han har gjeve til Stortinget i denne saka har vore korrekt.

Han held fast på at han ikkje hadde kjennskap til saka før han las om henne i avisene etter at departementet hadde omgjort sitt eige vedtak, 1. mars.

Han vil ikkje svare på spørsmål om når statssekretær Kongshaug informerte han om si eiga rolle i saka.

— Det er ei sak mellom han og meg. Men alt som har skjedd i departementet i denne saka er mitt ansvar uansett.

Sponheim seier det er meiningslaust å påstå at han og departementet har favorisert Thommessen på nokon måte - eller fordi han er venstremann.

— Eg var ikkje eingong klar over at han var venstremann sjølv om eg visste at sønene var det. Når det gjeld Kongshaug har han aldri vore med i partileiinga i Venstre og har ikkje hatt nokon kunnskap om Thommessen.

«Utan handlingsrom»

Sponheim seier at han og departementet ikkje har hatt noko handlingsrom i saka.

— Vi har nå hatt ein full ny gjennomgang av saka med regjeringsadvokaten. Konklusjonen derfrå er at det ikkje var råd å kome utanom det vedtaket som vart gjort.

Sponheim seier at han ikkje forstår at saksbehandlinga og handteringa av saka kan karakteriserast som uryddig. Og han tek til etterretning at Kontrollkomiteen vil undersøke saka vidare.

Fakta/Lillesand-saka

  • Landbruksminister Lars Sponheim har vore under press sidan Landbruksdepartementet 1. mars omgjorde eit tidlegare vedtak og gav fritak frå buplikta ved sal av ein eigedom i Lillesand.
  • Vedtaket inneber ei ekstra vinst på mange millionar kroner for eksmannen til Annette Thommessen, Henrik P. Thommessen.
  • Ikkje minst i Venstre har reaksjonane vore sterke. Lillesand Venstre rykka inn annonse i lokalavisa retta mot Sponheim.
  • Saka har fått etterspel i Stortinget som langt frå er ferdig med saka. Men Sponheim har avvist kvar ein kritikk. Siste ord er ikkje sagt. I dag drøftar Kontrollkomiteen saka på ny.