• Det er påfallande lite takhøgde for alternativ religiøsitet i Den norske kyrkja.

NJORD. V. SVENDSEN

Det meiner leiar i Kirkens SOS i Bergen, Greta Gramstad.

— Den norske kyrkja (DNK) står i fare for å bli for trong dersom ein ikkje vaknar. Dette er noko som opptar mange, seier Gramstad.

Medlemmene i DNK er meir udogmatiske enn før, noko kyrkja ikkje tar alvorleg nok, ifølgje Gramstad

— Mange opplever uforklarlege ting. Det kan vere syner, varsel eller andre opplevingar. Det er påfallande lite takhøgde for dette.

- Veldig konservativ

Gramstad får støtte frå prest i Fjell, Harald B. Fylling.

— Den norske kyrkja er veldig konservativ og forsiktig. Det fører til at søkjande menneske opplever at dei ikkje når fram i kyrkja og heller leitar på utsida. Vi legg for lite vekt på mystikken. Eigentleg handlar dette om å gå tilbake til kjelder som kyrkja har gløymt eller ikkje tatt alvorleg nok, seier Fylling.

For nokre år tilbake var den tidlegare Mali-misjonæren med på å drive vonde ånder ut av eit hus i Hordaland.

— Det vi kan stille opp med er bøn. Eg opplevde ingen ånder i det huset. Men eg har opplevd det Bibelen seier om at det finst ein heil åndehær som menneska må forholde seg til, seier Fylling.

Stand på alternativmesse

Kyrkja har i fleire år hatt eigen stand på Alternativmessa i Bergen. Messa samlar det meste innan alternativ religion og spiritualitet i Noreg, det vere seg sjamanisme, astrologi eller ufologi.

Verken Gramstad eller Fylling synest representasjonen er problematisk.

— Vi må vere opne for menneske som søkjer i det alternative, sjølv om trua ikkje alltid er heilt firkanta. Vi rettruande lutheranarar er faktisk ei minoritet, seier Gramstad.

Sjølv er Gramstad initiativtakar til fleire lokale tiltak som skal setje kyrkjedøra på gløtt for nye åndelege og religiøse straumdrag.

Sunn skepsis viktig

Bergen Domkirke planlegg ei månadleg kafémesse som arena for å møte nyreligiøsiteten.

— Meininga er å opne opp for folk som opplever uforklarlege ting. Det vil vere ei enkel messe med nattverd. Nattverd er jo det mest uforklarlege av alt, seier Gramstad.

I regi av Kirkens SOS møtes eit fagnettverk for å diskutere nye religiøse og åndelege tendensar og det Gramstad omtalar som det uforklarlege.

— Slikt forklarar folk flest gjerne med sjukdom. Derfor vel mange å halde dette for seg sjølv. Folk blir redde for å bli stempla som sprø. Kyrkja har eit stort ansvar for å ta imot fortellingane deira, seier Gramstad.

Ho meiner samstundes at det er viktig å ha ein sunn skepsis.

— Når nokon hevdar å formidle ein bodskap frå Gud, er det viktig at andre går god for dette. Det finst ein fare for maktmisbruk.

I 1999 stod «Kirken i møte med den åndelige lengsel i vår tid» på dagsordenen på Kyrkjemøtet, kyrkja sitt øvste organ. Men lite synleg har hendt sidan den tid, meiner Fylling.

— Mitt inntrykk er at dette ikkje nådde ned til grasrota, seier han.

OPNAR OPP: Leiar i Kirkens SOS i Bergen, Greta Gramstad, er initiativtakar til fleire lokale tiltak som skal setje kyrkjedøra på gløtt for nye åndelege og religiøse straumdrag.
Brekke, Eirik