— Det er heilt klart at det nå blir ei registrering av alle sidegjeremål. To spørsmål må avklarast. Det eine er om registreringa skal skje i eitt register på sentralt nivå for heile universitetet, eller lokalt på instituttnivå. Det andre er spørsmålet om registeret eller registera skal vere ope tilgjengeleg, seier Rommetveit til Bergens Tidende.

Sjølv meiner Rommetveit at det grunnleggande ynsket om at det skal vere ope innsyn i alle forhold som har med bindingar og intergitet å gjere, tilseier at registeret skal vere ope for innsyn.

— Eg meiner også at det er best at registreringa skjer ved det einskilde instituttet for at ein skal vere tygg på å få med seg alle opplysningar som bør registrerast, seier Rommetveit.

Etter at styret ved Universitetet har drøfta saka i dag skal framlegget nå ut på høyring ved universitetet før styret gjer endeleg vedtak.

Kjeldsen-saka

Dermed tek Rommetveit opp hansken som vart kasta av professor, tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt. Bernt tok til orde for eit slikt register gjennom BT i førre veke.

Spørsmålet om oppretting av eit slikt ope register, er sterkt aktualisert på bakgrunn av den såkalla Kjeldsen-saka. Den gjeld førsteamanuensis Jens E. Kjeldsen sitt oppdrag som rådgjevar for Ap.

Registeret er ein del av eit nytt detaljert regelverk for etiske retningsliner for alle universitetstilsette. Siktemålet med dette regelverket er å trygge omdømet, integriteten og tilliten til universitetet og dei tilsette.

Klar skjerping

Dei nye retningslinene inneber ei klar skjerping i høve til dei etiske retningslinene som vart fastsett for statstenesta så seint som 7. september i fjor.

Etikkutvalet ved UiB som har vore i arbeid sidan juni i fjor, har funne grunn til å supplere dei statlege retningslinene med 10 nye punkt som er skreddarsydde for UiB.

Dei 10 nye retningslinene omhandlar tema som fagleg fridom og ansvar, kompetanse, integritet, at dei tilsette opptrer etterretteleg og ope, god forskingsskikk, fagleg rettleiingsansvar, interessekonfliktar og konflikthandtering.