Dette er to av framlegga frå dei to partia til endringar i aksjelova. Dette går fram av innstillinga frå justiskomiteen på Stortinget.

Den konkrete utforminga av framlegget frå Frp har denne ordlyden: «Krav om representasjon av begge kjønn i styret, oppheves.»

Høgre vil at regjeringa skal lempe på dagens lovkrav ved å innføre ei ordning med tvangsmulkt til selskap som ikkje innfrir. Subsidiært vil partiet ha ein opning som gjer det mogeleg å dispensere frå kravet om lik kjønnsrepresentasjon.

Det spesielle med Høgre sitt standpunkt er at det var partiet sin tidlegare næringsminister, Ansgar Gabrielsen, som kom med lovframlegget som sette krav om lik kjønnsrepresentasjon i styra. Han stod, saman med resten av Bondevik-regjeringa, også bak kravet om at aksjeselskap som ikkje innfrir kravet, kan bli tvangsoppløyst.

Heile justiskomiteen går inn for at generalforsamlinga i aksjeselskap skal godkjenne tildeling av aksje— og aksjeverdibaserte ytingar til leiarar. Komiteen presiserer at generalforsamlinga må godkjenne slike ordningar på prinsipielt grunnlag, før det kan vere snakk om konkrete tildelingar av opsjonar.