Vestlandet kan bli taparen om folk ikkje får opp augene for kva som skjer, fryktar dagleg leiar Even Søfteland i laksegenetikkselskapet SalmoBreed. Han er også tidlegare leiar i VestNorsk Havbrukslag.

Flytter ut oppgåver

Ei undersøking Fiskeridepartementet har gjort hos brukarane viser at folk er mest nøgde med dei tenestene som vert utført på Fiskeridirektoratet sine regionkontor og minst nøgd med arbeidet som vert gjort i sjølve departementet.

Ludvigsens konklusjon er enkel: Flest mogleg arbeidsoppgåver skal flyttast frå departementet i Oslo og direktoratet i Bergen, og ut til regionkontora langs kysten. I tillegg til regionalt ansvar kan kvart kontor også få nasjonalt ansvar for avgrensa felt.

Må ikkje seie nei

Søfteland fryktar Bergen og Vestlandet skal gå i forsvarsposisjon, i eit forgjeves forsøk å verne det ein har i Fiskeridirektoratet i staden for å gripe sjansen til å få til noko nytt.

— Som vestlendingar er det viktig at vi tenkjer gjennom kva for nasjonale oppgåver det er interessert å ha ansvaret for, seier Søfteland og peikar på oppdrett og ringnotfisket som vestlandske spesialitetar.

Han meiner å registrere at politikarane og Fiskeridirektoratet sine regionkontor i Nord-Norge har vore langt meir aktive og flinke til å bu seg på den nye situasjonen enn politikarar og Fiskeridirektoratet sine regionkontor på Vestlandet.