VIDAR YSTAD

Saka kjem opp på møtet i Kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget i dag.

Direktørane i statlege verksemder som har fått slike lukrative avtalar, er knytt til verksemder som involverer fleire fagstatsrådar. Difor har stortingspolitikarane kome til at det vil vere rett å ta saka opp med statsministeren.

Vil redusere

Initiativet kjem frå Frp-formannen, Carl I. Hagen. Han reagerte spontant på opplysningane som kom fram i Bergens Tidende ei tid tilbake om dei gullkanta pensjonsavtalane og kostnadene med dei.

Tidlegare statsminister Kåre Willoch stempla styra i dei selskapa som har gjeve rause pensjonar for inkompetente.

Opposisjonen står samla i ynsket om å gjere noko med pensjonsvilkåra etter at kostnadene ved dei er blitt kjent.

Viljen til å gjere noko er ikkje blitt mindre etter at stortingspolitikarane er blitt kjent med resultatet av forhandlingane med direktørane i Helse Sør.

Kostnadene til pensjonane til desse direktørane er meir enn halvert gjennom reforhandling av avtalane. Direktørane hadde inngått lovlege, bindande avtalar.

Står på sitt

Men direktørane i fleire statlege selskap som har vekt politikarane si interesse er lite innstilt på å gå med på å svekke pensjonsvilkåra sine. Det framgår av undersøkingar Bergens Tidende har gjort.

Nokre av dei leiarane som ligg i løypa for krav om reforhandlingar er sjefen for Posten, Kaare Frydenberg, sjefen for NSB, Einar Enger, sjefen for Statkraft, Bård Mikkelsen, og sjefen for Avinor, Randi Flesland.

Frydenberg hadde i 2003 ei samla årsløn på 2,31 millionar kroner. Pensjonen kosta 1,4 millionar. Enger hadde ei årsløn på 1,85 millionar. Pensjonen kosta 1,4 millionar. Mikkelsen hadde ei årsløn på 2,36 millionar. Pensjonen kosta 1,96 millionar. Flesland hadde ei årsløn på 1,2 millionar. Pensjonen kosta 1,0 millionar.

- Heilt urimeleg

— Vi har her i huset ikkje fått nokon signal om at det er aktuelt å reforhandle tilsetjingsavtalar. Vi meiner det er heilt urimeleg å snakke om reforhandling. Ein har kompetansen og erfaringane sine og er tilsett på grunnlag av det, til fastsette vilkår. Det vil vere heilt meiningslaust at nye avtalar eller retningsliner skal ha tilbakeverkande kraft, seier visekonsernsjef Arne Wam i NSB til Bergens Tidende.

— Eg reknar med at konsernsjef Einar Enger vil reagere på eit slikt utspel. Han har ein inngått avtale som han ventar blir halden. Det gjeld sjølv om det blir oppfatta som mindre politisk akseptabelt, seier Wam.

Arvid Moss, som er styreleiar i Posten, seier at han held seg til avtalen som er inngått. Han meiner avtalen er bindande.

Arvid Grundekjøn, som er styreleiar i Statkraft seier til Bergens Tidende at han ikkje har nokon planar om å freiste å reforhandle ein bindande avtale.