• Det vil vere rimeleg å krevje ny behandling i UDI for palestinske asylsøkjarar som har fått avslag.

Det seier advokat Anne Hazeland i advokatfirmaet Hestenes & Dramer til Bergens Tidende. Ho har i fleire år arbeidd med asylsaker.

Hazeland og ei rad andre advokatar som arbeider med asylsaker, reagerer sterkt på at UDI let personar med tilknyting til Israel, intervjue eller avhøyre palestinske asylsøkjarar.

— Dette må vere gale og er prinsipielt betenkeleg, seier advokat Truls Dramer. - Sjølv om intervjuaren skulle prøve å vere «nøytral», er det vanskeleg å tenke seg at det let seg gjere i praksis når konflikten er så beinhard som den er i Midt-Austen, legg Dramer til.

— Dette er langt frå bra. Ein som intervjuar skal objektivt sett ikkje ha tilknyting til eller interesser i noko konfliktområde i verda. Det at UDI sjølv har trekt visse grenser, inneber at arbeidsgjevaren sjølv vedgår at her er det problem ute og går, seier advokat Bente Mostad i advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig.

— Med den identifikasjonen som ein kan sjå i konflikten i Midt-Austen, er det oppsiktsvekkjande at UDI innrettar seg slik. Vi veit alle at ein som representerer «fienden» ikkje kan vente beste behandling, seier Mostad.

— Eg kan ikkje hugse å ha sett opplysningar om desse forholda på heimesidene til UDI på internett. Ein skulle tru at dei hadde lært litt av Mossad-saka frå 1991, seier advokat Carl Rieber-Mohn.

— Lojaliteten blir stilt på veldig hard prøve for dei som behandlar asylsaker om dei har tilknyting til ein part i ein slik konflikt, seier Rieber-Mohn.