Det har herska ro i Redningsselskapet etter det opprivande ekstraordinære landsmøtet i januar der det vart vald eit nytt styre. Etter det har skipsreiar Petter C. G. Sundt stadfesta at donasjonen på over 20 millionar kroner står ved lag, i tillit til Hellandsjø og det nye styret. Kong Harald er komen tilbake som verje for selskapet etter at han først hadde trekt seg.

Kritisk tidspunkt

Den gjenvunne tilliten til organisasjonen kan få ein brå slutt om valkomiteen får viljen sin, spår både tilsette og tillitsvalde som BT har vore i kontakt med. Den same valkomiteen som gjekk inn for Hellandsjø for fire månader siden, vil nå velje Gunnar Knutsen, ein av dei som i då vart kasta frå det gamle styret, til ny president.

— Dersom dei vil rive ned Redningsselskapet, er det berre å sette i gang på denne måten, seier Jan Michelsen til Bergens Tidende. Han uttalar seg på vegner av den største bidragsytaren til selskapet, skipsreiar Petter C. G. Sundt.

- Skvatt

— Eg skvatt då eg såg framlegget. Eg vert uroleg på vegner av Redningsselskapet, med bakgrunn i det organisasjonen har vore gjennom. Eg opplever at vi nå har staka ut ein ny kurs og er i god gjenge med å få Redningsselskapet på fote att, seier Lars Hellandsjø.

— Vi har skapt ro, og vi er inne på eit godt spor. Eg trur at det er for tidleg, berre 3 ½ månad etter at det gamle styret gjekk av, å ta inn nokon derfrå inn i leiinga att. Eg vil sondere terrenget og vurdere om eg skal stille opp som presidentkandidat mot valkomiteen sitt framlegg, seier Hellandsjø.

Avslår grunngjeving

Leiaren i valkomiteen, Anton Iversen, frå Molde, avslår overfor Bergens Tidende å grunngje kvifor valkomiteen vil fjerne Hellandsjø som president og erstatte han med Gunnar Knutsen.

— Det stemmer at vi har innstilt ein annan person. Eg forstår spørsmålet ditt, men vil ikkje seie noko. Du får finne ut av dette sjølv, er alt Iversen vil seie.

- Kan bety slutten

— Det er opprørande på alle måtar om Hellandsjø, som har gjort ein framifrå innsats nå skulle bli skifta ut. Det kan bety slutten for selskapet om dette opplegget blir fylgt, seier Michelsen.

Ein kan berre gløyme meir pengestøtte til nye redningsskøyter frå Sundt om den kursen som nå er staka ut under Hellandsjø, skulle bli torpedert.

— Barnehage er berre fornamnet for å karakterisere det vi nå ser konturane av, seier Michelsen.

Maktkamp

Knutsen er rekna som ein av støttespelarane til den omstridde, avsette tidlegare generalsekretæren, Monica Kristensen Solås, og på lag med leiaren i landsrådet i Redningsselskapet, Niels Christian Bang.

Bergens Tidende sine kjelder meiner at framlegget om å kaste Hellandsjø og innsette Knutsen, er uttrykk for ønskje om «omkamp» frå striden i vinter.

Då freista Knutsen å bli valt til president, med støtte frå Bang og to av dei andre medlemene i landsrådet. Det skjedde etter at Knutsen saman med heile det gamle styret hadde stilt plassane sine til disposisjon.

- Forskrekka

— Eg er forundra og forskrekka over framlegget om å kaste Hellandsjø og innsette Knutsen, seier ekspresident Magnus Stangeland til Bergens Tidende.

— Eg vonar inderleg at Hellandsjø og styret hans vil halde fram. Det er heilt nødvendig for å skape ro i Redningsselskapet. Eg har inntrykk av at arbeidet der går svært bra nå, seier Stangeland.