VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noDette opplyser førstestatsadvokat Lasse Qvigstad til Bergens Tidende.14 tidlegare Stasi-agentar er innkalla for å forklare seg som vitne om Viksveen for tyske domstolar frå måndag av. Fleire av desse skal i avhøyr med det norske overvakingspolitiet ha peika ut Viksveen som agent eller informant for Stasi.Stein Viksveen kjem sjølv til å møte i retten under dei rettslege avhøyra som skal gjennomførast i Berlin og Dresden.Viksveen får dermed møte agentane og "føringsoffiserane" som kan bli avgjerande for lagnaden hans andlet til andlet.— Det er ingen tvil om at vi ynskjer at dei tyske vitna skal møte for den dømande retten i Noreg, dersom det blir hovudforhandling i saka. Problemet er at dei ikkje har møteplikt og at vi ikkje veit om dei vil møte friviljug.Vi har ingen middel for å tvinge dei til å møte for retten i Noreg. Men i Tyskland har dei møteplikt, seier Qvigstad.Dersom riksadvokaten tek ut tiltale, og dei tyske vitna ikkje møter til hovudforhandling, er det pårekneleg at påtalemakta vil legge fram eller tilby utskrifter av dei rettslege avhøyra som bevis.