For å få det til, har oljeindustrien utpeika og fått engasjert ein professor ved NTNU i Trondheim, Alf Brubakk, som «meklingsmann». Haukelands-forskarane meiner han er rykande inhabil.

Brubakk stadfester overfor Bergens Tidende at han har påteke seg oppdraget med å finne ei løysing på konflikten. Han kan ikkje seie noko om kva den skal gå ut på.

Langvarig strid

Det har i lang tid vore diskusjonar og tautrekking om innhaldet i eit helseoppfølgingsprosjekt for nordsjødykkarar. Partane i saka er universitetet i Aberdeen i Skottland, oljeindustrien (OLF), Petroleumstilsynet og Haukeland universitetessjukehus.

Haukeland har nå funne grunn til å trekkje seg ut av prosjektet. Haukeland vil ikkje ha ein rein gisselfunksjon i eit prosjekt definert av oljeindustrien.

— Vi meiner ikkje opplegget er fagleg uforsvarleg, men det er heilt utilstrekkeleg. Og vi har vår faglege integritet og omdøme å ta vare på, seier ein av fagpersonane ved Haukeland, spesialpsykolog Kari Troland, til Bergens Tidende.

Oljeindustrien og universitetet i Aberdeen vil nøye seg med ei kartlegging av helsetilstanden gjennom eit spørjeskjema til dykkarane til vitskapleg bruk.

Yrkesmedisinarane ved Haukeland meiner dette er utilstrekkeleg. Dei vil gjennomføre undersøkingar og oppfølging overfor den einskilde dykkaren.

Det er universitetet i Aberdeen ikkje interessert i, og det har heller ikkje oljeindustrien vist interesse for.

Full tillit til Haukeland

— Vi har full tillit til Haukeland som nasjonalt dykkemedisinsk senter. Det er svært merkeleg at Petroleumstilsynet og OLF er så knytte til den kursen universitetet i Aberdeen står for. I Storbritannia er ein ikkje så oppteken av arbeidsmiljøforhold og tilsyn som her i landet. Britane vil ikkje høyre på nordmennene når det gjeld arbeidsmiljø. Det passar industrien godt, seier Leif Johansen til Bergens Tidende. Han er forbundssekretær i NOPEF, Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund.

Det var NOPEF som tok initiativet til arbeidet med langtidsoppfølging av nordsjødykkarane. Men i januar i år trekte forbundet seg ut av arbeidsgruppa i protest mot den retninga arbeidet tok.

Johansen reagerer med vantru på at Brubakk er engasjert som ein slags meklar:

«Raud klut»

— Brubakk har i årevis vore engasjert som dykkarlege av industrien. Han støttar den parten vi er i strid med. Å kome med Brubak i ein slik funksjon er som å vifte med ein raud klut. At Petroleumstilsynet er med på dette, er uforståeleg. Dei gjev råd til styresmaktene som vi ikkje kan akseptere. Petroleumstilsynet bør passe rollene sine, seier Johansen.

Brubakk har vore sterkt omstridd både mellom dykkarane og uavhengig dykkarmedisinsk kompetanse. Han har vore oppfatta som oljeindustriens mann.

Dette kom mellom anna til uttrykk under eit seminar om dykkemedisin i Bergen i september i fjor. Her søkte Brubakk ifølgje fleire av deltakarane å bagatellisere vitskapelege funn og konklusjonar som yrkesmedisinarar ved Haukeland har gjort.

Sjølv avviser Brubakk dette overfor Bergens Tidende. Men han stadfestar at han stilte spørsmål ved datagrunnlaget.

- Kneble Haukeland

Jan Onarheim er tidlegare nordsjødykkar og nå er talsmann for Offshoredykker-unionen. Han er oppørt over det han nå får høyre:

— Sett frå Offshoredykker-unionen si side har den dykkemedisinske kompetansen på Haukeland vore ein garantist. Dei har gjennomførd solide helseundersøkingar og vist at dei har teke helseutfordringane og problema for dykkarane på alvor.

— Vi har inntrykk av at arbeidsgjevarsida, det vil seie oljeindustrien, har søkt å halde Haukelands-miljøet utanfor og i staden gjere bruk av det som finst av dykkemedisinsk kompetanse ved universitetet i Aberdeen. Mykje kan tyde på at oljeindurtisen faktisk er interessert i å kneble miljøet ved Haukeland. Vi vonar at dei ansvarlege politikarane på Stortinget kan skjære igjennom og sørgje for å oppretthalde Haukeland som nasjonalt kompetansesenter på dykkemedisin. Haukelands-miljøet er best i verda på dykkemedisin, seier Onarheim som sjølv i mange år har drive forsking.

- Særdeles kontroversiell

Onarheim reagerer med vantru på at OLF og Petroleumstilsynet har engasjert Alf Brubakk til å opptre som meklar for å få Haukeland til å endre standpunkt:

— Brubakk har spela ei særdeles kontroversiell rolle på lag med oljeindustrien. Han har i mange samanhengar søkt å bagatellisere helsefarane knytt til djupdykk.

— Vi ser også med stor uro på at Petroleumstilsynet ser ut til å bevege seg inn på Helsetilsynet sitt kompetanseområde i denne saka, seier Onarheim.

Per Otto Selnes i Oljeindustriens Landsforening (OLF) nektar overfor Bergens Tidende for at Haukeland har trekt seg frå prosjektet.

Bergens Tidende sit derimot med kopi av brev frå Haukeland som seier rett ut at Haukeland trekkjer seg frå prosjektet. I brevet står det at Haukeland, trass i iherdige forsøk på å nå fram med synspunkta sine, ikkje er blitt høyrd.