Høgre-landsmøtet

Framfor Høgre-landsmøtet i 2005 kunngjorde Erna Solberg i intervju med Bergens Tidende at ho kom til å bli statsminister ein gong i framtida.

Dette standpunktet står framleis fast, forsikrar Erna Solberg overfor Bergens Tidende, dagen før landsmøtet i partiet opnar, der ho skal attveljast for ein ny toårsperiode.

Nei til Siv Jensen I 2005 gjekk Høgre til val utan å ha ein eigen statsministerkandidat. Kandidaten var KrF-mannen Kjell Magne Bondevik. Noko slikt kjem ikkje til å skje igjen. Valresultatet vart ein katastrofe for partiet: 14,1 prosent, det dårlegaste gjennom tidene.

— Høgre har sagt at vi kjem til å ha vår eigen statsministerkandidat: Partiet sin leiar. Men elles er eg mest oppteken av å fokusere på politikken, ikkje så mykje på personar og posisjonar. Høgre kan få statsministeren for mange alternative regjeringskonstellasjonar. Eg stenger ikkje døra for nokon.

— Kan du tenkje deg å gå i regjering med Siv Jensen som statsminister?

— Det blir ikkje aktuelt, og eg trur det vil vere svært vanskeleg for Høgre å akseptere.

Høgre-nestleiar Per-Kristian Foss har dessutan stengt døra til ei to-parti regjering mellom Høgre og Frp om valresultatet skulle gje ei opning for det.

Smerteterskelen

I førre veke uttala Solberg til avisa Vårt Land at det ville vere heilt uaktuelt for Høgre å gå i regjering om valresultatet skulle bli så dårleg som ei meiningsmåling avisa presenterte: 12,6 prosent for Høgre.

— Nå svingar meiningsmålingane mykje. Vi har sett 10 prosentpoeng skilnad med få dagars mellomrom. Med eit veldig dårleg valresultat har vi ikkje bereevne til ei regjeringsdeltaking. Det er valresultatet som avgjer.

— Kvar ligg smerteterskelen for kva Høgre må ha for å kunne gå i regjering?

— Eg vil ikkje setje eit absolutt tal. Erfaringane med Thorbjørn Jagland sine 36,9 i 1997, freistar ikkje. Men la meg seie det slik at vi har ambisjonar om å gjere eit betydeleg betre val enn i 2005. Med tanke på eit ikkje-sosialistisk samarbeid er eit sterkast mogeleg Høgre den beste føresetnaden. Alle vil samarbeide med Høgre, og vi er sentrum på borgarleg side - om ikkje i norsk politikk.

Vil revansjere H Solberg aksepterer ikkje som eit faktum at Frp har etablert seg som stabilt mykje større enn Høgre, sjølv om meiningsmålingane nokså konsekvent viser det. Ved dei fire siste stortingsvala har Høgre vore størst i to (1993 og 2001) og Frp størst i to (1997 og 2005).

— Sjølv om meiningsmålingane viser stor overvekt for Frp, er det ikkje sikkert at det blir resultatet. Slik var det også framfor kommunevalet i fjor då vart større enn Frp. Det skjer store svingingar i veljarmassen dei siste 14 dagane før valet.

Solberg har vanskeleg å forklare kvifor Frp gjer det så mykje betre enn Høgre i meiningsmålingar og til dels i val.

Ho meiner det dels har samanheng med reaksjonar mellom Høgre-veljarar mot manglande samarbeid mellom Høgre og Frp.

— Dessutan var vi for dårlege til å selje politikken vår og det vi oppnådde i regjering. Vi må bli langt betre her.

Partiet skal ha fokus på verdiskaping

ER KLAR: Høgre-leiar Erna Solberg har ennå ikkje pakka ut «statsrådsarkivet» ho tok med seg då ho i 2005 forlet regjeringskontoret. Ho er klar til å ta arkivmappene med seg om ho igjen får ta sete ved kongens bord.
Håvard Bjelland