VIDAR YSTAD

Ap valde likevel i går å fylgje regjeringspartia i saka om kjøp av nye jagarfly.

Frp gjorde framlegget om å seie opp den såkalla utviklingskontrakten med den amerikanske jagarflyprodusenten Lockhead Martin. Grunnlaget var manglande oppfølging frå flyprodusenten for å sikre oppdrag til norsk industri som underleverandørar.

Like over påske truga Marit Nybakk med det same om ikkje flyprodusenten kom til Noreg og tok norsk industri på alvor.

No seier Nybakk til Bergens Tidende at ho er blitt kontakta av norske forsvarsbedrifter som er redd at kontraktar vil ryke for norsk industri om Stortinget seier opp utviklingskontrakten.

— Det er heilt klart at departementet har forsømt seg her. Først etter at Forsvarskomiteen reiste til USA og las teksten for Lockhead Martin, kom selskapet til Noreg og tok norsk industri på alvor. Vi gav beskjed om at det ikkje vil bli nokon kontrakt om kjøp om dei ikkje viser ei heilt anna haldning. Dette skulle departementet ha sørga for for lenge sidan, seier Nybakk.

Nybakk legg til at avgjerda om ikkje å seie opp kontrakten no likevel ikkje betyr at det blir ein kontrakt om kjøp frå Lockhead Martin.

— Det vil aldri bli kjøp av nye jagarfly utan at norsk industri er inne med kontraktar, seier Nybakk. - Vi krev at Regjeringa kjem tilbake med ny informasjon om utviklinga i saka i budsjettframlegget for 2005.

Forsvarspolitisk talsmann i Frp, Per Ove Width, seier for sin del til BT at det er tydeleg at det berre er Frp som står ved kritikken sin når det kjem til stykket.