NJORD V. SVENDSEN

— Det finst stor opning for tru og religiøsitet i samfunnet i dag. Gud er innanfor røyndomsopplevinga. Vi har stort potensial for å gå i dialog, men er for snare til å trekkje konklusjonar og for lite flinke til å lytte, seier Hagesæther.

Han meiner Greta Gramstad og Harald B. Fylling har gode poeng. Men biskopen understrekar samstundes sterkt at dialog ikkje er det same som overlapping.

— Vi skal ikkje ha ei kyrkje som går på akkord med grunnleggande standpunkt. Det er viktig for oss å ha opne formuleringar og gjere greie for kva denne kyrkja faktisk står for. Grunnsanningane skal stå fast.

Hagesæther peikar på at mykje av nyreligiøsiteten står kristendomen veldig fjernt. Reinkarnasjon står til dømes i klar motsetnad til kyrkja si lære.

— Kyrkja skal ikkje gløyme kva ho er, ho skal ikkje skifte farge stadig vekk for at folk skal kjenne seg igjen, seier biskopen.

I Sverige, der kyrkja er skilt frå staten, finst det prestar som opnar for meditasjon, massasje og den kinesiske rørsle- og meditasjonsteknikken chi-gong i forkant av gudstenester. Chi-gong i den norske kyrkja er utenkeleg for Hagesæther.

— Ei slik tilnærming er veldig vanskeleg. Det ligg ein fare i å byggje inn element frå religionar som er rotfesta i heilt andre religionar enn kristendomen, seier Hagesæther.

Biskopen har derimot ingen motførestellingar mot deltaking på alternativmessene.

— Vi skal lytte. Og vi skal tydeleg markere grunnsanningane i kyrkja, seier Hagesæther.