EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Ei stygg trafikkulykke i Os for nokre år sidan gjorde at trebarnsfaren frå Os ville seie seg villig til å donere organ frå sin eigen kropp dersom han skulle døy brått.— Eg kontakta både Haukeland, Gades Institutt og fleire andre instansar, men møtte veggen over alt. Ingen kunne gje meg svar på kvar eg kunne gje klar beskjed om at helsevesenet får bruke organa mine dersom det blir aktuelt, seier Hatlem. - Snakk med familien Forklaringa på kvifor det var så vanskeleg er enkel. I motsetning til Sverige, Danmark og fleire andre land finst det ikkje noko norsk register der donorar kan registrere seg. I Noreg må dei etterlatne ta avgjerda.- Vi oppmodar i staden alle om å snakke med dei næraste om dette spørsmålet. Då blir det mykje enklare for dei å vite om dei skal seie ja eller nei dersom ulykka skulle vere ute og spørsmålet koma opp, seier seksjonsoverlege Inge Brekke ved transplantasjonskirurgisk seksjon på Rikshospitalet. Ingen effekt av register Mangelen på organ blir større og større. Ved årsskiftet venta 241 pasientar på slik hjelp. Auken har vore på 65 prosent på fem år. Årsaken til at Noreg likevel ikkje har eit register, er ifølgje Inge Brekke at slike ordningar har vist å vere til lite nytte i andre land. - I Danmark har berre to-tre prosent av folket registrert seg. Då blir det ingen effekt av registeret, seier Brekke.Same erfaringane har dei ifølgje Brekke i USA, der det går an å få notert i førarkortet om du ønskjer å vere donor. Oppslutningen er forsvinnande liten. - Slike register kostar også mykje pengar. I Sverige brukte dei 20 millionar kroner på etableringa, og drifta er også dyr, seier Brekke. Han viser til Spania, som er det landet i Europa der det blir donert flest organ. - Spania har ikkje noko slik register, seier Brekke. For ein del år sidan var han med i eit utval sett ned av Helsetilsynet der spørsmålet vart drøfta. Krev innsats frå sjukehuset Hans Johan Hatlem aksepterer forklaringa frå seksjonsoverlegen.- Men då er det viktig å informere folk om dette, slik at dei før drøfta spørsmålet. I vår familie har vi eit veldig ope forhold til å snakke om døden. Det trur eg ikkje alle har. Dersom eg skulle miste ein av mine, vil det å kunne hjelpe eit barn eller ein vaksen til eit vidare liv gje ei god kjensle. Det trur eg verkeleg, seier Hatlem.Om lag 30 prosent av dei etterlatne som blir spurt, seier nei til donasjon. Det er på linje med andre europeiske land, ifølge seksjonsoverlege Brekke. Det er heller ikkje berre mangelen på donorar som avgrensar tilgangen.- For å hindre at eit organ blir skadd, må det setjast inn stor innsats frå sjukehuset si side. Det er her vi meiner det er mest å hente, ved å lære opp helsepersonellet i å ta betre vare på organa, seier Brekke.