Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V) tek no til orde for å lovregulere bruken av slike politimetodar.

Han er redd saker kan bli tapt av prosessuelle grunnar eller at liv i verste fall kan gå tapt om ein ikkje er «føre var» på dette området.

Til Nokas-saka

Infiltrasjon handlar om bruk av politifolk eller andre hjelpesmenn som kontaktar og involverer seg med kriminelle for å skaffe opplysningar.

Provokasjon inneber at politiet tek eit steg vidare og utløyser kriminelle handlingar før dei elles ville blitt utførd. Begge metodane inneber bruk av skjult identitet.

Dørum trekkjer linene til Nokas-saka og den oppklaringa som har skjedd frå første til andre rettsrunde i denne saka. Og han viser til den australske TV-serien, «Politiagentane», som døme på kva det handlar om.

— Slike metodar reiser fleire etiske dilemma som krev klare spelereglar. Ut frå eit føre var prinsipp ønskjer eg lovreguleringar for å få metodane inn i lovlege former, at ein får sikra domstolskontroll og at handlingane let seg etterprøve, seier Dørum.

— Det er også viktig med lovregulering her slik at vi unngår at saker der slike metodar er nytta, blir tapt i retten av prosessuelle grunnar, seier Dørum.

Leiaren i Advokatforeningen sitt utval for strafferett og straffeprosess, advokat Harald Stabell, og leiaren for rettstryggleiksutvalet, advokat Cato Schiøtz, gjev begge uttrykk for støtte til Dørum sitt utspel.

Avviser

Justisminister Knut Storberget var derimot heilt avvisande til å gjere noko med denne saka då Dørum reiste ho gjennom ein interpellasjon i Stortinget i går. Storberget meiner rammene for infiltrasjon og provokasjon er klare nok gjennom rettspraksis og retningsliner riksadvokaten har gjeve, sjølv om dei siste er hemmelegstempla.

Storberget åtvarar også mot at lovgjeving på dette området kan innebere ei avgrensing i politiet sine arbeidsmetodar.

Representantar for Ap og Frp var på line med justisministeren i Stortinget i går.

Storberget vil oppnemne eit nytt utval som skal vurdere røynslene med dei utvida politimetodane som er tekne i bruk i seinare år.

Samstundes er han sterkt oppteken av å skjerme opplysningar om politiinformantar og hindre at den sikta får innsyn i eitkvart dokument. Riksadvokaten har med bakgrunn i Munch-saka alarmert justisministeren om behov for ei omgåande lovendring her. Dette er ei hastesak i Justisdepartementet.

SKEPTISK: Justisminister Knut Storberget (Ap) meiner rammene for infiltrasjon og provokasjon er klare nok og avviser å gjere noko med saka.
Scanpix (arkiv)