Legar skriv ut «fysisk aktivitet» på resept. Aviser og blad er fulle av råd om korleis du bør trene for å få best mogleg treningseffekt.

Helsestudio har gode tider, og både staten og helsevesenet minner oss på at vi må trene, skal vi halde oss friske.

Før vi kan bevege oss, må vi rådføre oss med ein personleg trenar

Eline Thornquist, professor

Men det er ikkje nødvendig, skriv Åse Bårdsen og Eline Thornquist i siste nummer av Tidsskrift for Den norske Legeforeningen. Tvertimot, meiner dei.

Moderat, kroppsleg aktivitet er tilstrekkeleg for dei fleste, argumenterer artikkelforfattarane. Å gå i moderat tempo, gjerne slik at du blir andpusten eller varm i til saman 30 minutt, er nok.

— Det enklaste er ofte det beste, men overraskande vanskeleg å få til, seier Thornquist, som er professor i fysioterapi ved Høgskolen i Bergen.

— Før vi kan bevege oss i dag, må vi rådføre oss med en personleg trenar. I staden for å gå tur tre gonger i veka, går vi på treningsstudio.

Aktivitet på resept

Typiske kvardagsaktivitetar er i ferd med å forsvinne. Folk køyrer på jobb. Sit ved pc-en heile dagen, og framfor tv'en eller på Facebook på fritida.

Når vi skal bevege oss, køyrer vi bil til treningssenteret. Vi går tur med stavar og skritteljar, eller joggar med pulsklokke og fullt treningsopplegg.

  • Møter joggarar kjensfolk på turen, kan dei ikkje stoppe. Då blir treningsopplegget øydelagt. Faren er at folk underkjenner si eiga vurderingsevne, og at rørsle og fysisk aktivitet blir eit tema for ekspertar, seier Thornquist.

Professoren er også kritisk til det ho kallar «poseringskulturen» på helsestudio.

  • Ofte handlar det om å leve opp til kroppsidealet. Kvinner vil ha strammare rumpe eller menn meir maskuline armar. For nokon blir det målet i livet, men kroppsfiksering kan få negative, helsemessige konsekvensar. Folk slankar seg uheldig, driv rovdrift på kroppen og blir meir og meir opptekne av seg sjølv. Å gå tur i fellesskap, høyre fuglane syngje og gle seg over naturen er noko anna.

— Men mange har stort utbyte av å gå på helsestudio?

  • Sjølvsagt er det mykje bra med trening. Men helseeffekt er noko heilt anna enn treningseffekt, og dersom det er god helse du er oppteken av, treng du ikkje følgje bestemte treningsprinsipp.

Ropar varsku

Thornquist seier at hovudutfordringa for oss alle er meir variert aktivitet. At ein god, gammal leveregel er å veksle mellom arbeid og kvile.

— Mange tvinger seg likevel til å trene, også når dei hadde hatt betre av å slenge seg på sofaen, seier professoren, og ropar eit varsku.

— Folk må ha tru på at dei kan bevege seg utan ekspertråd eller personleg trenar. At mange er overvektige og i dårleg form, er eit kjempeproblem, men det betyr ikkje at vi skal springe etter dei med pulsklokker.

Korleis held du deg i form? Skriv gjerne eit innlegg.