VIDAR YSTADOslo

UD strittar også mot å gje ombodsmannen innsyn i noteveksling mellom UD og Justisdepartementet. Notevekslinga har til føremål å argumentere mot å gje Sivilombodsmannen dokumentinnsyn.

Hindrar stortingskontroll For å hjelpe seg fekk UD lovavdelinga i Justisdepartementet til å lage svar til ombodsmannen. Denne saka synleggjer ein durabeleg kamp om kor langt innsynsretten til Sivilombodsmannen går i forvaltninga.Sivilombodsmannen er Stortinget si vaktbikkje overfor forvaltninga, og utfallet av striden er difor svært viktig. Å nekte ombodsmannen innsyn, er det same som å leggje hindringar i vegen for at Stortinget sitt kontrollorgan kan gjere jobben sin.Ombodsmannen har kravd dokumentinnsyn som UD ikkje vil etterkome.Problema kom opp under arbeidet med to klagesaker mot UD med bakgrunn i den omstridde nye radaren i Vardø.Begge sakene har bakgrunn i at UD har nekta Bergens Tidende dokumentinnsyn. I begge sakene strittar UD også mot å gje ombodsmannen innsyn.Den første klagen fremja Bergens Tidende i februar.Kongen i statsråd skal i nær framtid, for første gong, avgjere om ombodsmannen skal få innsyn i dokument som UD har hemmelegstempla og nekta å utlevere til ombodsmannen.Den siste klagesaka vart fremja i september. UD og Justisdepartementet nekta då Bergens Tidende innsyn i dokument som drøfta argument for å nekte ombodsmannen innsyn i vurderingar av korleis ein skulle argumentere for å hindre innsyn.Etter klage frå Bergens Tidende kravde ombodsmannen innsyn i skriftvekslinga mellom dei to departementa.Det vart for mykje for UD som ba Justisdepartementet om hjelp. Og hjelpa kom:"Vedlagt oversendes et utkast til brev til Sivilombudsmannen. Brevet bør gå fra Utenriksdepartementet, som det departement som har fått henvendelsen fra Sivilombudsmannen." Dette skreiv JD i eit brev til UD 7. november.UD har skreve av, eller kopiert utkastet frå JD, og sendt det som sitt svar til ombodsmannen.

— Sjokkerande - Uhøyrt og sjokkerande.Slik reagerer generalsekretær Nils Øy i Norsk Redaktørforening på den brevvekslinga Bergens Tidende kan presentere. - Dersom Justisdepartementet har prinsipielle synspunkt på temaet om ombodsmannen skal få tilgang til eller bli nekta innsyn i det som skjer i ei sak, så bør Justisdepartementet stå ope fram med det. Reinslege liner tilseier det framfor å kome med det løynt, som innspel til UD, seier Øy.