— Det heile begynte mest som tull, men interessa er stor både på Facebook og ellers, seier Knut Ivar Rødset, som bur i Ålesund.

Bakgrunnen for at han og Tore Loneland starta gruppa var Frank Aarebrot sine spådommar om at det snart vil koma eit eige vestlandsparti.

— Det skal liten gnist til for å tenna bålet. I alle klagene, aksjonane, bygdelistene og protestane ligg det eit potensial for at nokon begynner å tenkja i fellesskap, og då kan det fort bli etablert eit regionalt protestparti, sa Aarebrot til Dag og Tid i forrige veke.

547 medlemmer

Rødset las om Aarebrot i media, og diskuterte saka med kollega Loneland. Og dermed var dei i gang.

— Me snakka om at det kunne ha vore lurt å danna eit eige vestlandsparti som motvekt til oslogjengen, og fann ut at me skulle laga ei gruppe på Facebook, seier Rødset, som jobbar som servicemontør.

Gruppa blei danna sist fredag, og har no 547 medlemmer.

«For oss som er møkk lei av kaffelatte-drikkande Oslofolk som trer avgifter og møkk ned over hauda våre! No skal me ta opp kampen mot østmakta og på sikt lage vår eigen VESTLANDSSTAT.», heiter det på sida. Med Vestlandet meiner initiativtakarane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Partiprogram og nettside

— Kor seriøst meint er dette?

— Folk tar det faktisk veldig seriøst, og mange er blitt heilt gira. Det er litt skummelt, men no er me i gang med å utarbeida partiprogram, og me har store planar om å få oss nettside. Ein kompis av meg studerer IT, og han skal laga nettside for oss, seier Rødset.

Loneland stadfestar at det er alvorleg meint.

— Norge er meir enn Oslo, og me er lei av at politikken blir skreddarsydd for hovudstaden. Me vurderer seriøst å prøva å samla nok underskrifter til å danna parti, seier Loneland, som er frå bygda Flekke i Fjaler kommune.

For å danna eit parti treng ein minst 5000 underskrifter.

Distriktspolitikk

Rødset og Loneland ser for seg at folk skal kunna gå inn på nettsida og stemma på kva Vestlandspartiet skal meina i ulike saker.

— Det er jo trass alt demokrati, seier Rødset.

Vestlandspartiet sine fanesaker er derfor enno ikkje klare.

— Men desentralisering av makt står iallfall sentralt. I tillegg synest eg personleg at det burde lønna seg meir å jobba enn det gjer i dag, seier Rødset.

At straumprisane er høgare på Vestlandet enn i Oslo, skapar også irritasjon hos initiativtakarane.

— Og politikarane snakkar om å setja opp avgiftene på drivstoff for å få folk til å reisa meir kollektivt. Problemet er at det ikkje eksisterer noko kollektivtilbod på bygdene, seier Loneland.

— Kva tenkjer de om ein eigen vestlandsstat?

— Hehe, det er kanskje litt vel radikalt, seier Loneland med eit flir.

— Det må i tilfelle bli på sikt, fastslår Rødset.

Kva synest du om eit eige vestlandsparti? Sei di meining her.