VIDAR YSTAD

— Dei finansskandalane vi har sett, kostar alle dyrt. Vi må hindre at dei oppstår, seier Sørfonn til Bergens Tidende.

I dag går han på talarstolen i Stortinget for å spørje finansminister Per-Kristian Foss om kva planar han har for eigne tiltak og fellestiltak som kan hindre slike skandalar. Ifølgje Sørfonn er det interesse for denne saka i fleire parti og han vonar på ein brei og engasjerande interpellasjonsdebatt.

Advokat- og revisorsvikt

Sørfonn seier at han meiner fleire av dei finansskandalane vi har sett, har kunne skje mellom anna som fylgje av at dei som var sett til å kontrollere, ikkje har gjort jobben sin.

— Det gjeld mellom anna revisorar som har vakse seg store og som i tillegg til å revidere, har drive rådgjeving og gjort pengar på å selge tenester. Sjølv om dei er oppdelt i fleire selskap, er det vanskeleg å opptre tilstrekkeleg uavhengig og upartisk, seier Sørfonn. og legg til:

— Litt av det same ser vi med forretningsadvokatar som i tillegg til å vere advokatar for firma, også sit i styra og har store inntekter på rådgjevingsverksemd som kan kome i strid med den frie advokatrolla.

«Betre etikk, takk»

Sørfonn manar dels til skjerping av lover og reglar, dels til betring av etikken hjå aktørane og dels til opprusting av utdanninga.

Sørfonn meiner at lover, regelverk og forskrifter kan vere så gode dei berre vil, men at det ikkje er nokon garanti mot uheldige utslag.

— Minst like viktig er det kva slags haldningar aktørane har. Bransjen sjølv bør også ha ei eigeninteresse i å rydde opp. Eg veit at Revisorforeningen er oppteken av det. Eg trur kanskje Revisorforeningen har gjort meir enn Advokatforeningen. Også Advokatforeningen bør kjenne sitt ansvar, seier Sørfonn.

— Det tredje leddet er utdanningsinstitusjonane som utdannar økonomar og juristar. Etikken bør integrerast i utdanninga på ein slik måte at kandidatane får ein etisk ryggmargsrefleks. Det er ikkje nok at etikken berre inngår som ein del av utdanninga.

- Nedslåande

Sørfonn meiner det var nedslåande å registrere i fjor i ein debatt om etikk at fleire store advokatfirma anten ikkje hadde etiske retningsliner eller ikkje var viljuge til å offentleggjere dei etiske retningslinene dei hadde.

— Både advokatar og revisorar er avhengige av tillit. Dersom dei ikkje sjølv ryddar opp, misser dei tillit.

Sørfonn meiner at advokatane og revisorane også sjølv bør innsjå at dei er best tente med å gjere eit felles løft her. På den måten kan både advokatane og revisorane hindre at dei blir spela ut mot kvarandre av meir eller mindre tvilsame klientar som nyttar alle midlar for å presse rådgjevarane sine.

Pengejakt

— Kva er drivkrafta slik du ser det i at advokatar og revisorar tøyer grensene og ikkje er så nøye når det gjeld prinsipp og etikk?

— Det er eit viktig spørsmål. Eg vil ikkje levere lettvinte svar som at det kjem av den reindyrka marknadsliberalismen som mange meiner er dominerande i dag. Men eg ser ikkje bort frå at det kan vere ein samanheng mellom ynsket om rask og stor forteneste og dei økonomiske skandalane vi har sett.

— Eg vil samstundes seie at eg er heilt sikker på at løysinga for å unngå nye skandalar ligg i eit utvida samarbeid. Staten og Finansdepartementet maktar ikkje dette åleine. Alle aktørane må vere med og yte sitt, seier Sørfonn.

KREV BETRE ETIKK: Stortingsrepresentant for Hordaland, Ingebrigt Sørfonn (KrF), vil ha «ei moralsk opprusting» mellom advokatar og revisorar i kampen mot finansskandalar som Finance Credit.<p/>ARKIVFOTO: TOR KRISTIANSEN