HANS K. MJELVA

Det byrja ikkje så bra for dei i Arbeidarpartiet som vil erstatte fylka med sterke folkevalde regionar: Statsminister Jens Stoltenberg fekk banka gjennom ei innstilling til ny regionreform rett før landsmøtet.

Ei rekkje fylkespolitikarar vart sterkt provosert, både fordi innstillinga ikkje gjekk langt nok i å overføre makt til regionane, og fordi landsmøtet ikkje fekk uttale seg først.

— Målet ein stor region

Saka er omstridt i partiet, og landsmøtet enda i går med eit vedtak utan konkrete planar om kva regionane skal gjere. Her heiter det likevel mellom anna at Ap vil «bygge sterke folkevalgte regionar», og at målet er «færre, større og sterkere regionar enn dagens fylkeskommuner».

I tillegg blir fylkeslag og kommunar invitert til å kome med innspel. Det grip partilaga på Vestlandet no fatt i.

— Vi vil lage eit Arbeidarpartiets program for Vestlandet, og startar arbeidet med å finne ut kva oppgåver vi skal fylle regionane med, seier fylkesleiar i Hordaland, Per Rune Henriksen.

Målet er ein stor vestnorsk region, som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

— Vi ber alle ein draum om ein sterk og berekraftig vestnorsk region, seier fylkesleiar Aud Kari Steinsland frå Sogn og Fjordane.

Første steg på vegen

— Vi går no inn i ein ny og spanande fase, seier Aps fylkesleiar i Rogaland, Frode Berge, som ikkje ser for seg at planane går i vasken i kranglar om kvar «regionhovudstaden» skal liggje.

— Eg har eit relativt avslappa forhold til det, seier han.

I tillegg til storleik på regionar, er innhald eit stridstema. I første omgang ser dei tre fylkesleiarane for seg næringsutvikling og -støtte, som ei sentral oppgåve.

Dei har lite von om å få endra regionmeldinga, som skal opp i Stortinget i juni. Men det gjer ikkje noko, seier dei.

— Dette er ikkje den siste meldinga om regionreforma. Dei siste oppgåvene er ikkje fordelt, seier Henriksen.

FOR SUPERFYLKE: Fra v. Per Rune Henriksen (Hordaland), Frode Berge (Rogaland) og Aud Kari Steinsland (Sogn og Fjordane).