Ein time fram om våren, ein time tilbake om hausten. Slik har det vore kvart år, etter at kongeriket Norge gjeninnførte sommartida i 1980.

Kva vitsen er? Å utnytte dei lyse timane betre, både arbeids— og helsemessig. Det er derfor stiller vi klokka fram om våren, slik dei fleste europearane gjer. Men om hausten må vi ta igjen det tapte.

Ikkje alle synest at dette er like lurt.

— Eigentleg burde det vore sommartid heile året, synest Fred Holsten, som er professor i psykiatri i Bergen.

Best for folk flest

— Om sommaren står folk tidlegare opp, og får meir lys. Det kunne dei like gjerne gjere om vinteren også, så fekk folk litt meir lys når dei kjem heim om kvelden. Etter mi meining hadde det vore veldig bra for det store fleirtalet, seier Holsten.

Unntaket er b-menneske, særleg unge.

— Ekstreme b-menneske har ei indre klokke som går seinare enn 24 timar. Dei har problem med å sovne om kvelden, og kome seg opp om morgonen, og får det ekstra vanskeleg når det er sommartid, seier Holsten til BT.

— Problemet er særleg uttalt i tenåra. Ein del ungdom får trøbbel, rett og slett.

Omstillingsproblem

Fleire av pasientane hans får dessutan problem med å omstille seg kvar gong klokka skal stillast den eine eller andre vegen.

— Nokre slit i fleire veker med den éine timen, seier Holsten.

Sjølv om han gjer seg til talsmann for sommertid heile året, trur han at sjølve overgangen til vintertid er enklast for folk flest.

— For å seie det slik: Det er mykje lettare å dra ein bil etter eit tau, enn å dytte den, forklarar han til BT.

— Med det meiner eg at det er lettare å legge seg ein time seinare, for då er ein jo berre blitt endå trøyttare. Men ein time tidlegare - det går ikkje.

Mjølkespreng

Heller ikkje bonde Nils T. Bjørke og dei seksten mjølkekyrne hans ser spesielt fram til sundag morgon.

— Hvis dyra er vande med å få mat til ei viss tid, er ein time lenge å vente. Då kan dei begynne å mase litt. Kyr som nyleg har fått kalvar, kan få mjølkespreng, seier vossabonden.

— Klart det hadde vore enklare med fellestid heile året, men noko stort problem er det ikkje.

Då sommartida vart gjeninnført i Norge i 1980, var protestane og lesarbreva mange. Særleg bøndene var skeptiske.

— Eg hugsar eit lesarinnlegg i Bergens Tidende frå den gongen. Ei dame skreiv at bøndene burde vere glade til, for no fekk graset ein time lenger å vekse på, ler Bjørke.

Bryr seg ikkje

Torleif Karlsen (72), pensjonert siviløkonom, står opp halv fire kvar natt for å levere Bergens Tidende på 150 husdører i Åsane. Då skulle ein tru han såg fram til ein times ekstra søvn natt til søndag?

— Ha ha! Nei, det betyr ingenting. Det blir jo berre den eine natta, elles er det absolutt ingen forskjell. Halv fire er halv fire uansett. Du venner deg til det!

Og til deg som enno er litt forvirra: Du skal skru klokka ein time tilbake i natt.

VINTERTID IGJEN: Ein ekstra time å sove på. Klokka 0200 i natt melder Norge offisiell overgang til vintertid igjen. Hugs å stille klokka ein time tilbake før du legg deg. TEIKNING: GRO VIK