KRISTIN JANSEN

kristin.jansen@bt.no

— Dei sel avisene sine til nynorskbrukarar og dei har journalistar med nynorsk som hovudmål. Likevel brukar dei berre bokmål. Dette er hålaust og gammaldags, seier Tungesvik (biletet).

39-åringen frå Skånevik vart samrøystes vald til ny leiar på landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø i helga. Og han har heile organisasjonen med seg i kampen for meir nynorsk i Akersgata. I helga starta kampanjen «Slepp nynorsken til». Fram mot sommarferien skal målfolket samla underskrifter og kontakta fagforeining, journalistar og redaktørar. Målet er at VG og Dagbladet skal få same språkpraksis som mellom anna Vårt Land og Bergens Tidende. Desse avisene nyttar både bokmål og nynorsk.

— Dette vert ein gradvis prosess, men vi håpar å få til mykje i løpet av det nærmaste året, seier Steinulf Tungesvik, som er glad for å ta fatt på oppgåva som leiar i Noregs Mållag.

— Det er ei spennande utfordring å bli vald i jubileumsåret for unionsoppløysinga, og inn i 100-årsjubileet til Noregs Mållag i 2006, seier han.

Steinulf Tungesvik kjem frå Skånevik i Sunnhordland og er i dag busett i Bergen, der han arbeider som forretningsadvokat. Han har lang fartstid bak seg både i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Tungesvik har politisk bakgrunn frå Senterpartiet, og var mellom anna statssekretær under sentrumsregjeringa.

Den nye leiaren får med seg Eli Bjørhusdal frå Luster i Sogn som nestleiar.