Dette er mellom forslaga som Straffelovkommisjonen gjer framlegg om i utgreiienga som i går vart overlevert til justisminister Odd Einar Dørum.

Mange av framlegga er opplagt sterkt kontroversielle.

Narkotika

Det gjeld mellom anna framlegget om å avkriminalisere bruk av narkotika, og framlegg om å redusere strafferamma for handel med narkotika.

Dørum gjorde det i går heilt klart at regjeringa ikkje kjem til å fremje noko forslag om å liberalisere narkotikalovgjevinga.

«Værhanar»

Kommisjonsleiaren, økokrimsjef Einar Høgetveit, seier til Bergens Tidende at medlemene av kommisjonen har fylgt eigne overtydingar framfor å skjele til kva som er «realistisk» å få igjennom.

Advokat Frode Sulland, som også er medlem av kommisjonen, seier at medlemene har brei kontakt med strafferettsmiljøet og at standpunkta dei har fremja er godt i samsvar med dei haldningane der.

— Det er lite føremålstenleg å opptre som værhanar i høve til den politiske debatten. Vi har valt å opptre dagleg forsvarleg, seier Sulland, til BT.

Kommisjonen har to statsadvokatar, ein dommar i Høgsterett, ein advokat og ein professor i kriminologi som medlemer.

«Overvurdert straff»

Kommisjonsleiar Høgetveit gjorde det i går klart at kommisjonen meiner at nytten av straff er overvurdert.

Kommisjonen har trekt den konsekvensen av dette at ein vil avkriminalisere handlingar som i dag er straffesanksjonert ut frå moralske vurderingar.

Det gjeld mellom anna pornografi, blasfemi, tigging, forhåning av framand flagg og riksvåpen. Og kommisjonen vil ikkje at politiet skal forfylgje brot på «reglar og påfunn som Brustad-buer og liknande».

Reduserte strafferammer

Ein annan konsekvens er at ein vil redusere maksimumsstraffa for ei rad handlingar.

Maksimumsstraffa for narkotikabrotsverk vil kommisjonen senke frå 21 til 10 år. Eit fleirtal (3-2) vil også avkriminalisere bruk av narkotika.

Kommisjonen grunngjev denne straffereduksjonen med at det er eit misforhold i straffereaksjon når mange narkotikaforbrytarar får strengare straff enn straffa for drap.

Utvalet vil også redusere strafferammene for valdtekt. For valdtekt under særleg skjerpa omstende frå 21 til 15 år og for «vanleg» valdtekt frå 10 til seks år.

Kommisjonen går også inn for å redusere strafferamma for pengefalsk. I dag er minstestraffa tre år og maksimumstraffa 15 år. Kommisjonen vil sette strafferammene ned til 2 til seks år.

Kommisjonen vil vidare redusere maksimumstraffa for reknskapsbrot frå seks til tre år.

Kutte minstestraffer

Dessutan går kommisjonen inn for å innføre bot som sjølvstendig straffereaksjon for brotsverk med strafferamme på inntil tre års fengsel.

Kommisjonen vil samstundes innføre ein regel om at dømde som ikkje betaler bøtene, vil måtte møte for retten på ny for å bli dømd til fengsel.

Kommisjonen vil oppheve dei fleste minstestraffene og overlate til domstolane å fastsette straffa friare.

Kommisjonen går vidare inn for å heve promillegrensa att frå 0,2 til 0,5 promille.

På fleire område vil kommisjonen heve skuldkravet frå aktløyse til forsett. Det betyr at færre vil bli dømd for brotsverk.

Eitt slikt døme er at kommisjonen vil oppheve paragrafen om aktlaust drap etter vegtrafikklova.

Dessutan vil kommisjonen oppheve ordninga med tilleggsstraff for gjentakningsforbrytaren.

Fakta/ Straffelovkommisjonen

  • Straffelovkommisjonen har vore i arbeid sidan 1980 for å lage ei ny straffelov. Kommisjonen har avgjeve fleire delinnstillingar. Den som kom i går er delutgreiing nummer sju.
  • Dagens kommisjon vart oppnemnt i 1994. Kommisjonen har vurdert kva som skal kriminalisertast - bli ramma av straffesanksjonar, kvar lovreglane skal plasserast og strafferammene, mellom anna balansering av straffereaksjonane for dei ulike brotsverka i forhold til kvarandre. Kommisjonen har også gjennomførd ei modernisering av språket. Dagens straffelov er frå 1902.
  • Justisdepartementet vil etter kvart sende tilrådinga frå kommisjonen ut på høyring. Deretter vil det bli laga framlegg til ny lov som skal sendast Stortinget. Det er heilt uvisst når det vil skje.
VIL HA LÅGERE STRAFFER: Straffelovkommisjonens leiar Einar Høgetveit (t.v.) overleverte i går tilrådinga om ny straffelov til justisminister Odd Einar Dørum (V). De andre medlemene er Kirsti Coward, Ingunn Fossgaard og Frode Sulland. Etter overleveringa «avliva» Dørum på flekken framlegget om å liberalisere narkotikalovgjevinga.
FOTO: SCANPIX