Bakgrunnen er av at omfanget aukar, og at sjølvstyring ikkje er nok.

Både tidlegare og nåverande politikarar viser direkte til Grete Knudsen si rolle i den famøse Mjellem & Karlsen-saka som illustrasjon på at det er behov for karantenereglar.

Klart behov

Bergens Tidende har snakka med ei rad sentrale politikarar om temaet politikarar og lobbyisme. Ingen av dei vi har snakka med avviser tanken om lovregulering. Derimot er det fleire som trur det blir vanskeleg å lage lovreglar.

Visepresidenten på Stortinget, Inge Lønning (H), har nå kome til at ein bør få karantenereglar. Ikkje for livstid, men han er usikker på for kor lenge dei skal vare.

— Det er heilt opplagt at vi nå treng reglar. Vi bør avgjort vurdere karantene. Det held ikkje med skjønet til Grete Knudsen, seier odelstingspresident Ågot Valle (SV).

— Men vi må ha opning for at dei som ikkje er så ressurssterke, kan få hjelp til å øve påverknad. Vi i SV har fleire gongar halde «lobbykurs» for friviljuge organisasjonar. Det har vore stor interesse for det, seier Valle.

Stor forståing

Også direktøren for Stortinget, Hans Brattestå, seier til Bergens Tidende at han har stor forståing for kravet om karantenereglar for politikarar som går over til å drive lobbyisme.

— Sjølv held eg på at dei som er innvalde som representantar for folket også har integritet nok til å sjå kvar grensene går. Det er kanskje litt naivt? Sjølvpålagd karantene vil vere høgst relevant og tenleg. Det vil ikkje lett å lage reglar, finne mekanismar og måtar for å handheve eit regelverk, seier Brattestå.

Blir uvel

— Eg får ei umiddelbar uvelfornemming ved tanken om at nokon sel innverknad som er opparbeidd gjennom politisk arbeid. Eg likar det dårleg, seier tidlegare statsminister Kåre Willoch til Bergens Tidende.

På den andre sida ser Willoch det positive i at kunnskap som er opparbeidd, kan nyttast fornuftig.

— Eg vil då hevde to grunnleggjande prinsipp: For det første at ein ikkje som lobbyist går over til å meine noko heilt anna enn det ein tidlegare har stått for, som fylgje av at ein har eit betalt oppdrag. Det meiner eg er prinsipielt forkasteleg. Det verkar dessutan til å stille politikk og politikarar i vanry.

— For det andre er det eit sterkt behov for at det er her godt innsyn omkring slik verksemd, seier Willoch. Han vil ikkje avvise karantenereglar, men meiner dei blir vanskeleg å lage.

«Ver varsam-plakat»

Tidlegare parlamentarisk leiar og statsråd, Johan J. Jakobsen (Sp) meiner politikarane må vere varsame med å øve påverknad i saker på område der ein sjølv har vore del av avgjerdsprosessen.

— Særleg gjeld det om du begynner å argumentere mot det du har hevda og stått for før. Dette ser vi illustrert ved tilfellet Grete Knudsen.

— Eg trur likevel det vil vere vanskeleg å lage gode karantenereglar. Men vi burde kanskje få ein «ver varsam-plakat» for politikarar som går over i nye roller, seier Jakobsen.

Tidlegare stortingspresident Guttorm Hansen (A) meiner folk som har hatt posisjonar på storting eller i regjering bør skjøne såpass at dei forstår at dei må vise varsemd.

— På den eine sida er det verdfullt at kunnskap og røynsle kjem samfunnet til gode. Men eg forstår godt at det blir reagert om ein tidlegare politikar driv lobbyverksemd på dei same områda som ein har hatt politisk ansvar for, seier Hansen.

Trekker grenser

Tidlegare statsminister og stortingspresident, Odvar Nordli, er også stemt for å innføre ein visse karantene. Han vil ikkje ta i frå nokon retten til å gjere bruk av den kunnskapen ein har samla gjennom arbeidet i politikken. Han trur at dei fleste veit å sette grenser, for at det finst grenser, er han heilt klar på.

— Ein ting er å hjelpe folk som har vanskeleg for å finne fram i byråkratiet og som ikkje får retten sin. Det er noko heilt anna å opptre som lobbyist for sterke økonomiske- eller næringsinteresser. Eg meiner vi som tidlegare politikarar har nærmast ei plikt til å hjelpe folk. Noko heilt anna er å etablere sitt eige forretningsforetak for å tene pengar på lobbyisme for sterke grupper, seier Nordli.