Det inneber at hovudverneombodet ikkje er nøgd med tilstanden i dag, eller rettare: ikkje var nøgd med tilstanden i fjor haust då brevet stila til Arbeidstilsynet vart skreve.

Brevet er datert 24. november og inneheldt kommentarar til tilsynsrapporten etter at Arbeidstilsynet hadde gjennomførd inspeksjon i departementet. Tilsynsrapporten munna ut i varsel om omfattande arbeidsmiljøpålegg til departementet.

Rollemodell og mobbing

Lite tyder på at hovudverneombod Betzy Tunold er blitt meir nøgd etter det som sidan har skjedd i departementet.

Hovudverneombodet skriv at ein open, konstruktiv og resultatorientert dialog mellom arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida er viktig. «Ikke minst vil gode rollemodeller i departementets ledelse være av vesentlig betydning i det videre arbeidet», heiter det i brevet.

I innspel til Arbeidstilsynet, før pålegget vart gjeve, skriv hovudverneombodet at «mobbing/trakassering (bør) inngå i kartleggingen og oppfølgingen, i overenstemmelse med statsministerens initiativ til en kampanje mot mobbing/trakassering på arbeidsplassen».

— Kan du utdjupe det du skriv om behovet for gode rollemodellar i leiinga?

Von til ny utanriksråd

— Generelt trur eg at gode rollemodellar i toppen er bra for å få til endringar som er ynskjelege. Dette reflekterer at eg ikkje var overtydd om at det var slik i departementet då eg skreiv kommentarane mine, seier Tunold.

— Det krevst folk som gjev dei rette signala, har visjonar og gode haldningar og som har ei proaktiv innstilling til arbeidsmiljøspørsmål. Eg vonar at den nye utanriksråden vil svare til desse forventningane og at det vil prege organisasjonen i den omstillinga som vi må vente framover, seier Tunold.