Folketrygdfondet kan i dag plassere inntil 20 prosent av kapitalen i aksjar. 20 prosent av dette igjen kan plasserast i børsnoterte danske, finske og svenske aksjar. Nå vil Fondet auke aksjeplasseringa til 25 prosent og doble rammene for plassering i nordiske aksjar, slik at 40 prosent av aksjeinvesteringane kan plasserast i slike aksjar.

Opp i Stortinget

Det nye styret i Folketrygdfondet omtaler ynsket sitt i årsmeldinga som vart presentert i går. Men styret har ennå ikkje teke saka formelt opp med Finansdepartementet. Framgangsmåten har etter det Bergens Tidende forstår vekt ei viss undring i departementet.

Etter fast praksis må Stortinget orienterast gjennom ei eiga melding for at regelverket skal kunne endrast.

Den verdikorrigerte avkastinga for Folketrygdfondet i fjor var den beste sidan 1993, 16,2 mot 23 prosent.

Plasseringane

Ved årsskiftet var 64,6 prosent av kapitalen plassert i statlege rentepapir, 20,1 prosent var plassert i aksjar og grunnfondsbevis, 14,7 prosent i private rentepapir og 0,6 prosent i bank.

Den prosentvise avkastninga var i fjor fire gongar så høg på aksjeinvesteringane som på rentepapira: 47 prosent på norske aksjar, 45 prosent på nordiske aksjar mot 11,1 prosent på rentepapir.

Folketrygdfondet skal gjere såkalla «sikre» plasseringar. Det betyr at fondet jamnt over får mindre utslag på investeringane enn dei som går etter maksimal profitt. Det inneber mindre vinstar i dei aller beste tidene, men også mindre tap i dårlege tider. På lengre sikt har fondet på denne måten stått seg bra i høve til samanliknbare investorar.

Tuktar

Administrerande direktør Tore Lindholt går om kort tid frå borde etter 14 år som toppsjef i Folketrygdfondet. Ikkje sjeldan har han svinga tuktens ris over fleire av aktørane i norsk finansliv.

Han meiner mange av dei er einsidig opptekne av kortsiktig profitt, noko som er sterkt skadeleg for den økonomiske utviklinga i næringslivet. Han minner også om grådige leiarar som har vore opptekne av eigne opsjonsordningar som ikkje har tolt dagens lys.

I årsmeldinga frå Folketrygdfondet åtvarar han mot det han omtalar som «kvartalskapitalismen», eit alt for einsidig fokus på kvartalsresultat og at det blir styrande for investeringane.

Han rettar i denne samanhengen også kraftige svingslag mot institusjonelle investorar som han meiner tek for lite ansvar. Han meiner dei ofte opptrer direkte uansvarleg i forhold til langsiktige industrielle verdiskapingskulturar.

Lindholt viser i denne samanhengen til utspel og press som har kome frå enkelte selskap i fusjonsprosessar, som i saka om samanslåing av DnB og NOR. Han viser til at Nordea kom med utspel om at deira bod ville gje eigarane i NOR betre kontant-utteljing enn det leiinga i dei to selskapa hadde forhandla fram.

Risikofylt

Lindholt påpeikar nå at verda er blitt langt meir ustabil og at svingingane i aksjemarknaden er blitt endå større enn dei realøkonomiske forholda skulle tilseie.

Det inneber at risikoen ved aksjeinvesteringar er blitt svært høg.

— Men denne risikoen blir ikkje i tilstrekkeleg grad påpeika av dei som har innteninga si frå at folk plasserer pengane sine, ikkje om dei vinn eller taper, men berre at dei plasserer , seier Lindholt.

Dette er eit kraftig spark til meklarar og rådgjevarar som tener gode pengar på einkvar aksjehandel, uavhengig av korleis det går for klientane.

Lindholt meiner det er fortenestefullt at tidlegare statsminister Kåre Willoch har mana til at aktørane i næringslivet bør opptre langsiktig og anstendig.