— Eg har stor tru på hybridbilar. Skal vi få fleire til å bruka slike bilar, må vi gjera noko med avgiftssystemet, seier Navarsete til Bergens Tidende.

Ho nemner at avgiftssystemet skal leggjast om, med verknad frå 2007. Dette vert tema på budsjettkonferansen i regjeringa neste veke. Frå eit miljøsynspunkt er det ønskjeleg å bruka avgiftsnivået for å redusera skadelege utslepp. I så måte er samferdselssektoren svært viktig, legg ho til.

Statsråden frå Senterpartiet er varsam med å vera konkret på kva avgifter som eventuelt bør reduserast, for ho reknar med at også finansminister Kristin Halvorsen (SV) vil ha eit ord med i laget.

  • Det er ingen tvil om at salet av hybridbilar vil auka, og i grisgrendte strok av landet - som t.d. her på Vestlandet - ligg det godt til rette for å gå over til denne type bilar. Tida er no inne til å bruka avgiftssystemet for å få opp bruken av hybrid, seier Navarsete.

Ikkje høgare fartsgrense

Neste år blir hennar jubelår, om vi skal festa lit til senterpartileiar Åslaug Haga sine utsegn i Aftenposten i går. Ho sa med klåre ord at Navarsete skal bli budsjettvinnar i 2007, på same måte som kommunalministeren vart det i år. Eit par milliardar kroner skal i så fall øyremerkast vegutbetring og jernbanesatsing.

Men Liv Signe Navarsete vil ikkje utan vidare gå med på å setja opp fartsgrensene som følgje av betre vegstandard, slik det t.d. er aktuelt med E6 opp gjennom Gudbrandsdalen:

— Nei, eg er i tvil om det er klokt, sjølv på dei beste vegstrekningane. I andre land som har gjort det same ser vi at folk døyr som fluer. Men eg har lyst til å sjå meir på kva argument som talar for før eg tek endeleg standpunkt, seier ho vidare.

Skjedd lite i Hardanger

Navarsete vil ikkje utan vidare gå god for at vegane i Hordaland er dårlegare enn i Sogn og Fjordane, men ein tankevekkjar fekk ho for ikkje så lenge sidan:

— I mitt tidlegare yrke køyrde eg ein god del til Øystese. Då eg så kom att og køyrde strekninga Øystese-Kvanndal, måtte eg konstatera at det hadde skjedd sørgjeleg lite dei siste ti åra.

Men når det er sagt, er det ingen fylke som overgår Hordaland og Rogaland når det gjeld å prioritera samferdselssektoren så høgt. Til saman har dei to fylka 7,5 milliardar kroner i bompengeprosjekt. Det fortel om stor vilje, saman med næringslivet, til eigeninnsats, seier statsråden.