Senterpartiet sin finanspolitiske talsmann, Per Olaf Lundteigen, seier at han har stortingsgruppa med seg gjennom invitasjon til Venstre og KrF. Partileiarane Dagfinn Høybråten (KrF) og Lars Sponheim (V) err begge klare til å ta imot ein invitt.

Klart fleirtal

Etter gårsdagens rundar i Stortinget under spørjetimen, kan ein trygt slå fast at det vil vere eit breitt fleirtal for å betre tiltaka for dei fattige i landet.

Både Frp, KrF og Venstre etterlyste meir kraftfulle tiltak for dei fattige. Då er det berre opp til regjeringspartia å bestemme seg. Både frå Senterpartiet og SV har det kome til uttrykk sterk misnøye med det som ligg i statsbudsjettet når det gjeld tiltak for dei fattige.

Det er Arbeidarpartiet og i neste omgang finansminister Kristin Halvorsen (SV) som nå sit med nøkkelen til eit ekstra tiltak for dei fattige.

— Køyrereglane for Regjeringa og regjeringspartia er slik: Skal det skje endringar i framlegg frå Regjeringa, må dei tre partia på Stortinget vere samde. I tillegg må statsrådane som blir direkte råka, godta endringane, opplyser kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Krav om endringar

Så seint som fredag, før budsjettet vart lagt fram, hevda SV sin finanspolitiske talsmann, Heikki Holmås, at Sp-leiar Åslaug Haga, «gav blaffen» i dei fattige. Då visste han kva som kom i budsjettet.

Holmås seier at han har fått «litt kjeft» men ikkje meir enn venta for dette utspelet.

Allereie i debatten etter finanstalen fredag gav Sp sin finanspolitiske talsmann, Per Olaf Lundteigen, uttrykk for ønskje om endringar i budsjettet.

Han har seinare utdjupa dette i intervju med media. Senterpartiet sine eigne nettsider fortalde måndag at Lundteigen særleg er misnøgd med fattigdomssatsinga.

Nettavisa til Sp presenterte dette under tittelen «Lundteigen frir til KrF og Venstre».

Under spørjetimen i Stortinget i går tok Venstres Odd Einar Dørum, Lundteigen på ordet. Han takka for invitasjonen til samarbeid med regjeringspartia med tanke på styrkja innsats for dei fattige.