I dag kom Havarikommisjonen med ei tilråding på bakgrunn av ei dramatisk ungdomsulykke der fire mista livet i Tresfjord i Møre og Romstad i fjor. Den 18 år gamle bilføraren hadde berre hatt sertifikatet i fire månader.

Kommisjonen, meiner at føraren ikkje hadde gode nok kjøreferdigheiter til å takla forholda, og foreslår blant anna gradert førarkort og køyrerestriksjonar for ungdom.

Havarikommisjonen støttar dermed forslaget som Trygg Trafikk gjekk ut med tidlegare i år.

– Må ha slutt på tussekøyringa

– Me er veldig glad for at Havarikommisjonen støttar oss i denne kampen. I dag er prøvetida på to år berre på papiret, me vil at dei første åra skal vere ei lærlingtid, seier Arne Aase, fylkessekretær i Trygg Trafikk Hordaland. Forslaget frå organisasjonen inneber at dei yngste førarane ikkje skal få lov å køyre på kveldstid, i helgene og med passasjerer i baksetet. Ungdommane skal gradvis få meir ansvar.

– Tussekøyringa på nattestid kan godt falla bort, ser Aase, men ser samtidig at det kan bli eit problem i forhold til unge yrkessjåførar.

Mange unge dødsfall

Berre i år har 28 personer mellom 18 og 24 år døydd i trafikken, som passasjer eller som sjåfør. Aase meiner Hordaland er særleg utsett.

– I 2005 var 80 prosent av dei omkomne i trafikken i Hordaland under 24, påpeikar han. Trygg Trafikk-leiaren er bekymra for køyringa til dei unge.

– Me kan ikkje sitja å sjå på dette lengre, ungdommane må få betre oppfølging, meiner Aase. Han meiner blant anna at det må vere skikkeleg evaluering etter dei to første åra, og at det må bli lettare å mista lappen dei første åra.

Ulykker redusert etter kampanjar

Havarikommisjonen ynskjer også at Statens vegvesen og politiet gjennomfører haldningskampanjar som "Sei ifrå!" som har vist seg å vere effektive.

I Sogn og Fjordane vart talet hardt skadde og drepne ungdommar i bil redusert med 25 prosent etter kampanjen, som ble følgt opp av politikontrollar. Automatisk fartsprerre er også eit forslag som kjem fram i rapporten til kommisjonen. No skal Statens vegvesen evaluera forslaga.

– Me skal følgja opp tilrådingane, men kan enno ikkje sei kva slags tilrådingar me sender vidare til Samferdselsdepartementet, seier Finn Harald Amundsen, leiar av Trafikksikkerhetsseksjonen i Statens vegvesen til Aftenposten.

Bør ferske sjåførar få lov til å køyre om natta? Sei di meining her!

FÅR STØTTE: Arne Aase i Trygg Trafikk Hordaland får no støtte frå Havarikommisjonen om at ferske bilkøyrarar bør ha eige førarkort med restriksjonar. Arkivfoto: Helge Skodvin.