• Lyntognett er kostbart, men trengst for å møta klimaproblema, seier professor Karl Georg Høyer.

Professor Karl Georg Høyer ved Vestlandsforskning i Sogndal ser for seg eit høgfarts jernbanenett i Sør-Noreg. Han meiner jernbanereise er oppleving, samstundes som ein oppnår energipolitiske og klimapolitiske målsetjingar. Lyntoget har fart og kapasitet til å ta unna flytrafikk.

Samfunnsøkonomisk

Høyer peikar på at jernbane, og aller mest lyntog, er samfunnsøkonomisk rett. Om det er økonomisk lønsamt, er han mindre oppteken av.

Eit lyntognett er noko av det mest kostbare ein kan gje seg ut på, men det trengst for å møta klimaproblema. Det er ei viktig endring av det norske transportsystemet, og ei viktig tilknyting til det internasjonale.

— Vi får hekta oss på Europa, seier Høyer.

— Toget er det einaste transportmiddelet vi kjenner til som har kombinasjonen veldig høg kapasitet og høg energieffektivitet, også når ein aukar farten. Dette gjeld både person- og godstrafikk, seier han.

«Bompengar» frå fly

— Seteavgift på 200-300 kroner på fly bør delfinansiera lyntog. På same måte som bompengar frå bilistar delfinansierer Bybanen i Bergen, seier Høyer.

Han har visjon om lyntogliner i fleire retningar ut frå Oslo; til Stavanger via Kristiansand, til Bergen, til Trondheim og tilknyting til Europa i Göteborg. Kanskje også til Åndalsnes via Gudbrandsdalen.

På alle strekningane med lyntog vil han krevja avgift på alle flysete, uansett om det sit passasjerar i dei, eller ikkje. Der det ikkje blir lyntog, slepp ein unna avgifta.

Historisk

Høyer ser på toget som eit eineståande framkomstmiddel historisk. Stor kapasitet gjorde skinnegåande T-baner aktuelle i storbyane, og det same gjeld for toget også når vi flyttar oss ut av byane.

— Lyntoget har både høg fart og stor kapasitet. Det er rett og slett rasjonelt. Toget toler fartsauke utan kraftig auke i energiforbruket, som er sjøtransporten sin ulempe, seier han.

Fartsmessig plasserer lyntoget seg mellom flyet og bilen, og er det einaste som kan fungera både på korte distansar og lange.

Tre timar

Eit lyntog mellom Bergen og Oslo, etter Høyer sin modell, skal ikkje bruka mykje under tre timar. Blir banen dimensjonert for større fart enn 200-250 km/t vil naturinngrepa bli for store. Han frårår fransk fart på 500 km/t i norsk natur, og meiner linene grovt sett bør fylja dagens hovudtrasear.

Haukelibanen, med inngrep i nytt terreng, er han meir usikker på.

Dyrare å fly

Karl Georg Høyer ser for seg ei framtid utan lågpris flyselskap. Lyntog og høge avgifter på flyreiser kan bidra til det.

Lyntog skal ta unna det meste av flytrafikken innanlands og ein del av den internasjonale. Jamvel reiser mellom tilgrensande verdsdelar, som Europa og Asia, kan gjerast på skinner, slik som i Orientekspressen sine glansdagar.

— Klimapolitisk er det altfor billeg å fly i dag, meiner han.

I 2030 vil innanlandstrafikken med fly vera minimalisert, men bilen vil framleis vera der, om lag halvert, om ein måler i køyrde kilometer.

Til godstransporten er sjøen viktigaste, framfor bane og veg. Lufta blir praktisk talt godsfri.

Ekspressbussar vil etter Høyer sin modell få ei viktig oppgåve som matebussar til eit togsystem som består av lyntog, mellomdistansetog og lokaltog.

Det samla transportarbeidet med jernbane her i landet blir om lag fire gonger så omfattande i 2030 som i dag.

Bjelland, Håvard