VIDAR YSTAD

Oslo

— Eg trur det vil vere klokt at ein annan enn Gerd-Liv Valla blir leiar i valkomitéen. Det vil vere det beste både for partiet og for henne, seier Nordli til Bergens Tidende.

— Med dei reaksjonane eg har sett i partiet til nå, kjenner eg meg rimeleg trygg på at partiet kjem fram til ei fornuftig løysing. Det er heller ikkje vedtekts- eller regelfesta at LO-leiaren skal vere leiar i valkomiteen, seier Nordli.

«Skadeskoten Valla»

Nordli meiner det vil vere ytterst krevjande for Valla å gjenopprette posisjonen sin med bakgrunn i det som har skjedd dei siste dagane.

— Er det råd å reparere skaden?

— Det kjem an på. På den eine sida har ho vore ein veldig sterk LO-leiar og plassert organisasjonen i ein posisjon der LO høyrer heime. Det må ligge til grunn ved ei slik vurdering. Men det som har skjedd er alvorleg, og det er eit ope spørsmål kva posisjon ho vil ha i forhold til opinion og andre partar i arbeidslivet. LO-sekretariatet er det mest kompetente organet eg kan tenkje meg for å finne ei løysing. Ei god løysing er det knapt råd å tenkje seg slik denne saka har utvikla seg. Vi må heller snakke om ei best mogeleg løysing.

— Vil Valla overleve som LO-leiar?

— Kva som vil skje med henne tør eg ikkje ha noka meining om, seier Nordli.

Velje ein annan leiar

— Det er skapt ein myte om at LO-leiaren alltid har vore og skal vere leiar av valkomiteen i Ap. Slik er det ikkje, seier mangårig tidlegare partisekretær i Ap, Ivar Leveraas, til Bergens Tidende.

— Ingen har eit automatisk krav på å vere leiar i valkomiteen. Det viktige er at leiaren skal ha tillit. I den situasjonen som nå ligg føre, er det lite føremålstenleg å velje LO-leiaren. Det er den akutte situasjonen som er avgjerande her. Både LO og partiet er best tent med at det blir valt ein ny leiar, seier Leveraas.

Leveraas meiner Valla har opptrådt særs uheldig både i form og innhald. Ikkje minst overfor sin tidlegare statssekretær, Berit Reiss-Andersen.

Uvisst om Valla «overlever»

— LO-leiarar har gjort store brølarar før og fått tilgjeving. Normalt ville eg ha sagt at dette kan LO-leiaren overleve. Men denne saka har fått ei slik personfokusering at det er uvisst å spå utfallet, seier Leveraas. I neste veke kan Leveraas feire 50 års medlemskap i LO.

— Det er ingen evig tradisjon at LO-leiaren er leiar for valkomiteen i Ap. Det viktige er derimot at LO-leiaren er medlem av sentralstyret i partiet. Det er viktig for å samordne arbeidet mellom parti og fagrørsle, seier tidlegare mangeårig partisekretær i Ap, Ronald Bye, til Bergens Tidende.

Sjølv om det har skurra litt i forholdet mellom Valla og Jens Stoltenberg, er personrelasjonen viktig, meiner Bye.

Bye gjer det heilt klart at han er samd i at situasjonen nå er vanskeleg på grunn av Valle sine manøvrar dei siste dagane. Han meiner Ap må ta dette inn over seg.

Eigen dynamikk

  • Eg arbeidde sjølv under dei tre LO-formennene, Konrad Nordahl, Parelius Mentzen og Tor Aspengren, og opplevde aldri nokon liknande situasjon som den Valla nå er oppe i. Dei heldt seg unna personalsaker.

— Det er heilt klart at saka er krevjande. Ein av grunnane til det, er at ei slik sak får sin eigen dynamikk: den kan bli verre eller den kan rette seg opp. Kva veg denne saka utviklar seg, vil eg ikkje seie noko om. Eg har mine oppfatningar, men det er noko eg berre fortel til bikkja mi.

— Er det så kontroversielt?

— Nei, men eg orkar ikkje utpå med det. Det vil berre føre til kritikk og åtak, for eg ville ikkje akkurat pakke orda inn i silke, seier Bye.