Heile opposisjonen meiner framlegget om omdanning av Statskonsult frå direktorat til aksjeselskap er slett utgreidd og presentert for Stortinget.

Kommunalkomiteen vil i dag avgjere kva som vidare skjer.

Stryk

I går fekk Norman stryk også av lovavdelinga i Justisdepartementet for den lovtolkinga han og Administrasjonsdepartementet har presentert for Stortinget.

Lovavdelinga slutta seg heilt til dei vurderingar og konklusjonar som professor Henning Jakhelln har presentert. Dei går ut på at dei tilsette i Statskonsult kan velje å forhalde seg til staten som arbeidsgjevar, også etter ei omdanning av Statskonsult til aksjeselskap. Administrasjonsdepartementet har tidlegare avfeid Jakhelln.

Trass i konklusjonane frå lovavdelinga, presenterte i går Administrasjonsdepartementet eit brev for kommunalkomiteen som gav inntrykk av at lovavdelinga støttar Administrasjonsdepartementet.

Slik oppfatta også KrF-representanten Ola T. Lånke i familie— og administrasjonskomiteen saka, då BT snakka med han i går ettermiddag. Denne komiteen har også saka til behandling.

Norman på grillen

Fleire av medlemene i kommunalkomiteen uttalar til Bergens Tidende at dei er sjokkerte over at Administrasjonsdepartementet i statsråd Norman sitt namn, kan gje ei så forvrengt framstilling av saka, som det dei opplevde i går..

— Det er oppsiktsvekkjande at Administrasjonsdepartementet gjev inntrykk av at departementet har rett, etter at vi har fått så klare konklusjonar frå lovavdelinga. Difor vil nå kalle statsråd Norman inn til ei open høyring, saman med lovavdelinga og professor Jakhelln, seier Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (A) til Bergens Tidende.

- Pinleg

— Departementet sitt brev til komiteen er rett og slett pinleg lesnad, seier komiteleiaren, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Bergens Tidende. Ho var statsråd i Bondevik I-regjeringa. Kleppa er også open for å innkalle Norman til høyring.

— Saka er dårleg utgreidd, og når Norman ikkje har gjennomførd ei vanleg høyring om saka, er grunnen openbert den at han ikkje ynskte å ha ei høyring. Vi ser nå at saka kan ha langt større økonomiske konsekvensar enn det statsråd Norman har presentert overfor Stortinget. Det ryddige nå vil vere å sende heile saka tilbake til regjeringa.

Ho seier det er forstemmande at det departementet som har ansvar for sysselsetting, lover og reglar i arbeidslivet, totalt neglisjerer regelverk og vanlege spelereglar i ei sak som gjeld statlege tilsette.

«Grisebank»

SV-representant Karin Andersen, som er ordførar for saka, seier det slik til BT:

— Statsråd Norman har nå fått «grisebank» av lovavdelinga i Justisdepartementet. Det nektar departementet å ta konsekvensen av. Nå må saka stoppast av Stortinget. Stortinget kan ikkje godta at regjeringa fører Stortinget bak lyst og inviterer oss til å fatte vedtak som ligg farleg nær å bryte Grunnlova.

— Heile saka er prega av dårleg forarbeid. Vi har akseptert omdanning av Statskonsult til AS. Det vil bety ei avvikling. Det ryddige hadde vore å sei det rett ut, i staden for å gå vegen om eit aksjeselskap. Ingen trur at Statskonsult vil greie seg lenge. Men dei tilsette må behandlast på ein skikkeleg måte, seier Frp-formann Carl I. Hagen.

PÅ GRILLEN: Victor Norman
SCANPIX