— Sponheim er den beste leiaren Venstre kan ha. Det trur eg er ei alminneleg oppfatning i Venstre. Og det er usannsynleg at spørsmål om å skifte leiar blir noko tema framfor val av leiarskap på landsmøtet neste år, seier Michelsen.

Bom for Thommessen

Dermed set Unge Venstre-leiaren bom for dei ambisjonane nestleiar Olaf Thommessen måtte ha om å vippe Sponheim av pinnen neste år.

— Av denne grunn er debatten om leiarskap nå heilt tullete, legg Michelsen til.

Dette var også oppfatninga mellom fylkesleiarane i partiet under telefonmøtet dei hadde tysdag kveld. Mange reagerte på at Sponheim og Thommessen har skapt ein offentleg debatt seg imellom om eit tema som er ei ikkje-sak for partiet og landsmøtet i år.

Sjølv oppsummerer Sponheim reaksjonane som kom i telefonmøtet slik:

— Fylkesleiarane meinte debatten var tøysete og opplevde den som storm i eit vassglas. Dei var meir opptekne av å sjå framover.

— Mitt inntrykk er at organisasjonen opplever debatten nå som surrealistisk. Partiet er i vekst og harmoni, og det er god stemning. Partileiinga samarbeider godt, seier generalsekretær Terje Breivik.

Ambisjonane

Kjelder i Venstre meiner Thommessen gjennom utspelet sitt har ynskt å markere at han framleis har ambisjonar om å overta som partileiar så raskt som råd. Somme meiner han ynskjer å manøvrere seg inn i ein posisjon der han framstår som den einaste, opplagte kandidaten.

Det var eit slikt opplegg Sponheim ynskte å skyte ned då han rykka ut og fastslo at Thommessen er ingen kronprins, i beste fall ein av fleire kronprinsar. Sponheim meiner fleire kandidatar er meir aktuelle og interessante. Sjølv har han framheva Ola Elvestuen som er fylkesleiar og gruppeleiar i Oslo bystyre, og Alvhild Hedstein, tidlegare politisk rådgjevar for Sponheim i Landbruksdepartementet. Ho er nå første vararepresentant til Stortinget frå Oslo for Venstre. Samstundes tek Guro Fjellanger, som var miljøvernminister for Venstre i Bondevik I-regjeringa, sterkt til orde for at den neste Venstre-leiaren bør vere ei kvinne.