I dag er finst det ingen lovregulering av kva politimessige verkemiddel som kan nyttast for å avverge kriminelle handlingar. Det var for å etablere eit slikt lovverk at utvalet vart nedsett i juli 2001 under leiing av førstelagmann Odd Jarl Pedersen. Innstillinga skal nå ut på høyring.

Det er etter norsk lov ingen heimel for å drive med romavlytting.

Sprikar sterkt

Innstillinga frå utvalet inneheld eit utal dissensar. Sprikande oppfatningar har også medverka sterkt til at utvalsarbeidet er avslutta halvtanna år etter fristen.

Fleirtalet i utvalet meiner nå at «trusselsituasjonen er meget alvorlig». Ein siktar då til organisert kriminalitet og faren for terroråtak. Difor vil fleirtalet ta i bruk dei mest omfattande metodane i «førebyggande» politiarbeid for å avverge at dei mest alvorlege kriminelle handlingane vert gjennomførde.

Mindretalet i utvalet meiner at førebyggande politimetodar har «klare betenkelige sider». Mindretalet meiner det er problematisk å legitimere inngripande politimetodar overfor ikkje-straffbar førebuing.

Eit anna mindretal er samd med fleirtalet i trugsmålsvurderinga og at det krevst omfattande bruk av tvangsmiddel. Men dette medlemmet meiner det ikkje er behov for ei eiga lovregulering av førebyggande tiltak. Oppfatninga er at slike metodar alt i dag vil inngå under dei etterforskingsskritt som kan vere aktuelle i konkrete saker.

Ingen dokumentasjon

Utvalet har ingen dokumentasjon eller noko materiale som fortel om effekten av bruken av dei verkemidla ein nå ønskjer å gje høve til utvida bruk av. Ein veit til dømes ikkje noko om kor ofte telefonkontrollar resulterer i straffesaker.

Pedersen gjorde det i går klart at tal på nye straffesaker heller ikkje vil vere ein «suksessfaktor» for å måle verdien av dei nye verkemidla. Han viste til at siktemålet er å avverge at det skjer kriminelle handlingar.

Refsar Høgsterett

Pedersen, som i periodar har vore konstituert dommar i Høgsterett, gjekk i rette med den lovtolkinga Høgsterett har gjort når det gjeld vurdering av mistanke. Han meiner Høgsterett tok feil då retten på 90-talet fastslo at «skjellig grunn til mistanke» mot ein person inneber at det må vere sannsynlegovervekt, det vil seie meir enn 50 prosent. Difor vil fleirtalet i utvalet endre ordlyden i lova til «god grunn til å tro» som vil senke kravet til mistanke for å kunne setje i verk tvangstiltak under etterforsking mot bestemte personar.

For somme av verkemidla det nå blir gjort framlegg om er det ein føresetnad at dei aktuelle handlingane har ei strafferamme på 10 års fengsel eller meir.

Mange tvangsmiddel

Det er ei lang liste over tvangsmiddel fleirtalet i utvalet nå vil lovfeste som avvergande tiltak:

  • Intensiv spaning.
  • Løynd fjernsynsspaning.
  • Teknisk avlytting i det offentlege rom.
  • Romkontroll i privat lukka rom.
  • Teknisk sporing av objekt med peileutstyr.
  • Infiltrasjon.
  • Kommunikasjonskontroll.
  • Lovfesting av rett for politiet til å ta opp samtalar som politiet eller agentar deltek i.

n Kontroll av sendingar (tidlegare brevkontroll).

  • Dataavlesing. Inneber at politiet skal kunne gå inn og lese materiale som ligg lagra på datamaskinar.
  • Pålegg om utlevering av trafikkdata og posisjonsdata.
  • Plikt til å utlevere opplysningar til PST (overvakingspolitiet).
  • Hemmeleg ransaking.
  • Undersøking av privat stad utandørs.
  • Fjernsynsovervaking.
  • Visitasjon av person på offentleg stad.
  • Besøks— og opphaldsforbod.

To framlegg vil går i motsett lei av den store mengda framlegg som vil gje politiet auka fullmakter:

  • Promillekontroll berre på mistanke - ikkje stikkprøve, som i dag.
  • Erstatning som fylgje av politiet sin metodebruk.