I eit utkast av statsbudsjettet som Bergens Tidende har hatt tilgang til, blir det lagt opp til å gje den nye tenesta vide fullmakter «for å sikre skjermingsverdig informasjon og objekter mot sikkerhetstruende virksomhet».

Med mindre regjeringa har snudd i siste sekund, vil dette bli lansert i morgon.

Frie hender

«Den forebyggende sikkerhetstjeneste» vil kunne gjennomføre tryggingstiltak «for alt og alle, i forebyggende hensikt og uten konkrete mistanker om sikkerhetstrusler».

— Dette er veldig opne og generelle formuleringar som gjer at ein ikkje kan utelukke noko. Det gjev opning for at NSM kan arbeide parallelt med politiets tryggingsteneste (PST). Det er ikkje bra. For å kunne drive med etterforsking og iverksetje tiltak mot personar må ein ha lovheimel. Etablering av overvaking krev ein klar lovheimel, seier advokat Håkon Helle til Bergens Tidende. Han er med i Advokatforeningen sitt permanente lovutval for strafferett og straffeprosess.

Advokat Harald Stabell, som leier dette utvalet, reagerer kraftig mot dei formuleringane som er nytta i proposisjonsteksten, slik den ligg føre.

- Skumle greier

— Dette er skumle greier. Det vil gje denne tenesta blankofullmakt til å iverksetje tiltak retta mot personar. Å opne for tiltak utan konkret mistanke er eit langt steg vekk frå det som er dagens rettstilstand i Noreg. Dette må ein gripe fatt i.

Stabell viser til at lovverket skal trygge rettstryggleiken, mellom anna ved å kunne gjennomføre etterprøving og kontroll av tiltak og etterforskingsskritt som blir iverksett overfor norske borgarar.

Stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) som er president i Odelstinget, reagerer også sterkt mot formuleringane.

«Blankofullmakt»

— Så vidt eg kan forstå inneber dette at det blir fritt fram for overvaking og tiltak berre ein kan sei at ein har «ferten av mistanke». Her er det tydeleg at tryggingstankegangen for staten sine interesser skal vere overordna alle andre omsyn. Rettstryggleik, personvern og demokrati, vil då kome i andre rekke. Eg vil minne om kva Mary Robinson, den tidlegare FN-høgkommisæren for menneskerettar, har sagt: pass på og kjemp for demokratiet, elles går det tapt, seier Valle.

Valle meiner spora skremer frå då justisminister Odd Einar Dørum i fjor haust lanserte framlegg til lovgjeving i kampen mot terrorisme.

— Det var nærmast ein blåkopi av kva president Bush og EU presenterte med klare åtak mot rettstryggleiken. Det var så ille at alle reagerte, frå påtalemakta til domstolane, seier Valle.

— Nå må vi vente til vi har fått ei skikkeleg behandling av sikkerhetsmeldinga om oppretting av Nasjonal sikkerhstmyndighet. Dette gjeld for viktige spørsmål til at vi kan føyse det igjennom.