Samstundes har han pålagd involverte underordna munnkorg.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold og forsvarssjef Sigurd Frisvold forklarte i går at fleire ledd i Forsvaret har svikta og at det er truffe uheldige avgjerder på fleire nivå.

Skulle skyte 19 bomber

Dette er forklaringa dei har på at det vart gjeve klarsignal for bruk av klasebomber over Hjerkinn skytefelt 7. oktober. Dette skjedde trass i instruksen frå Godal og trass i stortingsvedtaket frå juni i fjor om å arbeide for eit internasjonalt forbod mot klasebomber.

Men den nærmaste forklaringa på at bombene vart skotne ut, er at Frisvold ikkje fylgde opp instruksen frå Godal.

Planen var å skyte ut 19 slike bomber. Men berre to vart avfyrt. Grunnen til at ikkje alle 19 vart skotne ut, var at dei to første fall utanfor målfeltet på grunn av feilprogrammering.

I går kveld måtte Forsvarets Overkommando også vedgå overfor Bergens Tidende at meldinga frå forsvarssjefen om behandlinga av bombesøknaden, inneheldt feil. Det er oppgjeve feil dato med eit heilt år feil.

«Personellmessige tiltak»

Forsvarsministeren opplyste i går at forsvarssjefen har informert henne om at «han i løpet av de nærmeste dagene vil foreslå personellmessige tiltak» med bakgrunn i klasebombesaka.

— Eg har merka meg dette og at forsvarssjefen ikkje har fylgt opp instruksen frå Godal på ein tilfredsstillande måte. Det vi nå høyrer kan ikkje bety anna enn at forsvarsministeren fullt ut aksepterer at forsvarssjefen treffer «personellmessige tiltak» overfor underordna. Det skal dei vere ytterst forsiktige med. Vi skal ikkje ha nokon personellmessig massakre nedover i systemet med bakgrunn av det som har skjedd i denne saka, seier leiaren i Forsvarskomiteen på Stortinget, Marit Nybakk, til Bergens Tidende.

— Det vil vere ei klar ansvarsfråskriving. Stortinget kjenner berre statsråden. Korleis ho nå handterer saka blir heilt avgjerande for den tillit ho kan vente seg frå Stortinget og i eigen organisasjon, legg Nybakk til.

Visste ingenting

Fleire av dei underordna som har handtert klasebombesaka, opplyser at dei ikkje kjente til instruksen frå Godal til forsvarssjefen.

Det gjeld både sjefen og nestsjefen for Distriktskommando Østlandet (DKØ), generalmajor Johan Brun og oberst Magne Sveen.

Det er DKØ som har ansvaret for bruken av skytefeltet på Hjerkinn. Og det var DKØ som fekk oversendt og innvilga søknaden om dispensasjon frå regelverket for å tillate bruk av klasebomber på Hjerkinn.

— Eg hadde ingen kunnskap om instruksen frå Godal og var heller ikkje orientert om at det skulle vere restriksjonar på bruk av klasebomber på Hjerkinn, seier generalmajor Johan Brun til Bergens Tidende. Han opplyser at han innvilga søknaden ettersom slik ammunisjonsbruk ligg innanfor det som skytefeltet er godkjend for og som har vore nytta der tidlegare.

Vedgjekk passivitet

Forsvarssjefen måtte i går motviljug vedgå at han ikkje sendte ut nokon instruks til sine underordna etter at han 16. februar i fjor vart instruert av forsvarsminister Bjørn Tore Godal.

Forklaringa til Frisvold, er at instruksen frå Godal ikkje var «presis nok».

Spørsmålet som då melder seg, er: Dersom han meinte at instruksen frå forsvarsministeren ikkje var «presis nok» kvifor ba han ikkje då om å få instruksen presisert?

Det spørsmålet er Frisvold nå ute av stand til å svare på.

I Forsvarets Overkommando blir det nå forklart at forsvarssjefen har teke opp på fleire sjefsmøte at «kontroversielle spørsmål» skal løftast opp til sjefsnivå.

Det er den «oppfylginga» av instruksen frå forsvarsministeren som forsvarssjefen skal ha funne grunn til.

Men han har korkje skriftleg eller munnleg orientert om innhaldet i instruksen frå forsvarsminister Godal: at all bruk av ammunisjon som kunne oppfattast som kontroversiell, skulle klarerast politisk.

Kjeldejakt, truga med politi

I går vart det kjent at forsvarsminister Kristin Krohn Devold hadde kommandert alle ekspedisjonssjefane i Forsvarsdepartementet til måndag kveld å ringe rundt til alle tilsette i departementet for å hanke inn opplysningar om saka og om nokon i departementet hadde vore borti saka. Det var også spørsmål om det hadde skjedd lekkasjar til pressa.

Tilsette i departementet er i harnisk.

Bergens Tidende er nå blitt kjent med at fleire tilsette i departementet fekk klar beskjed om at det ville bli politietterforsking dersom det hadde skjedd lekkasjar til pressa.