Vil forske på ME-kurs

Pasienthistoriene er så oppsiktsvekkjande at Universitetet i Tromsø ønskjer å forske på metoden Lightning process.

Les også:

Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) ved Universitetet i Tromsø samlar på historier frå kronisk sjuke pasientar, som har oppnådd uvanlege resultat etter alternativ behandling.

Ein av desse behandlingsmetodane er lynkurset Lightning process (LP), som BT har omtalt i fleire artiklar denne veka. På få månader har 440 nordmenn, mange av dei ME-sjuke, reist til England for å gå på kurs.

- Slåande resultat
Så langt har NAFKAM samla inn 32 historier frå pasientar med ME/CFS (kronisk utmattingssyndrom). Ni av dei, alle kvinner mellom 18 og 49 år, har prøvd Lightning process. Fellesnemnaren er at dei alle har vore veldig sjuke, men raskt blitt friskare etter kurset.

- Det som er slåande, samanlikna med andre terapiformer, er at behandlingsresultatet er langt betre for dei som har prøvd LP, seier seniorforskar Laila Launsø ved NAFKAM.

No har senteret søkt Norges forskningsråd om midlar til å forske på behandlingsmetoden.

- Vi vil prøve å forstå den prosessen menneske som prøver LP går gjennom, og sjå om behandlingsresultata held på lengre sikt, fortel Launsø.

Sjuk i tjue år
Den eine av pasientane i registeret fortel at ho var sjuk i tjue år og til dels sengeliggjande, før ho tok lynkurset.

- Kvinna rapporterer til oss at ho er på beina igjen. Ho er ikkje symptomfri, men kan stå opp om morgonen og gå lange turar. Kvinna skriv at ho kan leve igjen, og at ho har fått ei framtid.

Felles for ME/CFS-pasientane i registeret sin måte å forstå eigen tilstand på, er at sjukdommen har utvikla seg etter voldsomme stressperiodar eller livskriser, i kombinasjon med kyssesjuke.

Typiske symptom er utmatting, trøttheit og lite energi. Kvinnene rapporterer mellom anna om kvalme, oversensibilitet for sanseinntrykk, hjartebank og dårleg hukommelse. Eit anna fellestrekk er at tilstanden forverrar seg. Mange blir sengeliggjande.

Frå lege til lege
Symptoma er oftast blitt anten avfeide av legane, eller oppfatta som psykiske problem. Pasientane fortel at dei er blitt sende frå lege til lege, og seinare, når dei vert tekne på alvor, utsette for testar som ikkje førte nokon veg.

- Få innan skulemedisinen har vore interesserte i å lytte til pasientane sine erfaringane med alternativ behandling og eigeninnsats, seier Launsø.

- Nettopp dette ser ut til å vere veldig vesentleg, når det gjeld LP.


Har du erfaringer med ME? Legg inn dine kommentarer under!

Les også

Siste fra Innenriks

Helsedirektøren røpet Utøya-info

Helsedirektøren ga ut informasjon om omkomne fra Utøya, i strid med politiets ønske.

Dagmar og Berit ga
nedtur for Gjensidige

Resultatet før skatt endte på 898 millioner kroner.

- Mang et bro- og tunnelprosjekt er blitt til på nachspiel

Frank Aarebrot mener det er blitt mer fyll i norske partier.

Nye nødpass kan bli dobbelt så dyre

Nødpasset skal erstattes av ekspresspass, men slumsete nordmenn som trenger pass i en fei, må belage seg på en dobling av prisen.

Drammen vil kan bli religionsnøytral

I Drammen kan kirken miste ansvaret for begravelser, og kirkebyggene kan bli færre. Kommunen vil gjøre byen religionsnøytral.

- Solum Larsen skjenket 17-åringen

Helge Solum Larsen ga spritholdige drinker til den 17 år gamle jenten som har anmeldt ham for voldtekt.

fakta/Lightning process

* ME (Myalgisk Encefalomyelitt/Encefalopati) og CFS (Chronic Fatigue Syndrome) blir brukt om tilstanden kronisk utmattingssyndrom.

* Typiske symptom er omfattande og uforklarlege helseplager, høgt sjukefråvær og redusert livskvalitet.

* Lightning process er eit mentalt treningsprogram retta mot menneske med m.a. kronisk utmattingssyndrom (ME/CFS), angst og depresjon.

* Byggjer på kjende metodar som kognitiv terapi, hypnoterapi, løysingsfokusert terapi og nevro-lingvistisk programmering.

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger