Samtlege 70 tilsette i NST har fått oppseiingsvarsel, men selskapet vil gjerne ha med seg 30 av dei norske, svenske og danske språkteknologane til sitt nye hovedkontor i København og eit mindre avdelingskontor i Bergen.

Ordførar Bjørn Christensen er forarga. Han ser ingen poeng i at det største og beste språkteknologimiljøet i Norden vart flytta frå Voss. To regjeringar har slått fast at dette er ei nasjonal satsing, minner han om.

FORARGA: Ordførar Bjørn Christensen er forarga.
FOTO: ARNE HOFSETH