• Eg ser for meg at så vel Næringsdepartementet som Fiskeridepartementet må kunne flyttast frå Oslo til Hordaland, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Sigrid B. Handegard.

På landsmøtet i Senterpartiet i går gjorde partileiar Åslaug Haga eit stort nummer av at partiet vil flytta 6000 statlege arbeidsplassar ut frå hovudstaden i neste stortingsperiode, dersom det vert regjeringsskifte. Men ho ville ikkje vera konkret om kva slags etatar ho tenkjer på.

Heller ikkje parlamentarisk leiar Marit Arnstad ville letta på sløret då Bergens Tidende bad om det.

— Det vil vi koma tilbake til, for vi har ei liste, svara ho.

Også eit direktorat hit

Sigrid B. Handegard, som og er varaordførar i Jondal og andrekandidat på stortingslista, har derimot klåre idear som ho er villig til å lufta:

— Vi kan ikkje vera så forsiktige dersom vi skal koma nokon veg. Det bør ikkje vera noko til hinder for at vi kan flytta heile departement ut frå Oslo. Så vel Næringsdepartementet som Fiskeridepartementet bør kunne flyttast til Hordaland, slik eg ser det.

For byråkratiet burde det og vera sunt å koma ut av Oslo og få meir nærkontakt med brukarane.

Ville ikkje ei slik utflytting verkeleg vera sus i serken? spør ho med glimt i auga.

— Iallfall må det lata seg gjera å oppretta eit eige direktorat for fjellforvaltning som vil høyra naturleg heime i indre Hardanger, tett oppunder Vidda. Det kan lett skiljast ut frå Direktoratet for Naturforvaltning og gje tjue interessante arbeidsplassar, seier ho.

Handegard meiner at tidlegare statsråd Victor D. Norman viste veg i utflyttingsspørsmål. Han gjorde etter hennar skjønn «ein kjempejobb» i denne saka og har æra for det beste Høgre har gjort i denne regjeringa.

Misnøgd med Sponheim

Derimot er ho svært vonbroten over landbruksminister Lars Sponheim (V), men det skuldast i hovudsak at han sit i ei høgredominert regjering som med opne augo legg til rette for at kulturlandskapet forfell i bygd etter bygd.

— Han har og sytt for at landbruket er påført nye avgifter, mellom anna avgift på frø, som vel må seiast å vera eit ganske fantasifullt påfunn for å ramma ei næring som er hardt pressa frå før, meiner ho.

Men det verste er at så mange bønder har vore nøydd til å kapitulera:

— I dei åra han har vore landbruksminister har kvar sjuande gard heime i Jondal blitt nedlagt. Då hjelper det lite at han har vore flink til å få i gang nisjeproduksjon omkring på attverande gardar, sukkar ho.

Nei, det er ikkje alt som er gale med statsråden frå Ulvik. At han nett no har stått opp og forsvara Tine i den betente striden med Synnøve Finden, fortener han ros for, meiner ho.

NYTT DIREKTORAT: Sigrid B. Handegard vil i første omgang leggja eit eige direktorat for fjellforvaltning til indre Hardanger.<p/> FOTO: STAVANGER AFTENBLAD