Dette meiner fleirtalet i «advokatkonkurranseutvalet», etter det Bergens Tidende kjenner til.

Innstillinga frå det offentlege utvalet, som har vore leia av NHH-professor og tidlegare konkurransedirektør Einar Hope, blir overlevert justisministeren i morgon.

Pris og kvalitet

Det er eit faktum at advokattenester er dyre, og at ein skal ha god råd for å gå til advokat. Dette var ein del av bakgrunnen for at tidlegare justisminister Hanne Harlem oppnemnte «advokatkonkurranseutvalet» i juli i fjor.

Utvalet fekk i oppgåve å gjennomgå konkurranseforholda mellom advokatar og rettshjelparar med sikte på å gjere juridiske tenester rimelegare og lettare tilgjengeleg for folk flest.

Diskusjonen har handla om korleis «fri konkurranse» om rettshjelpsoppdrag vil verke på pris og kvalitet på tenestene. Eit spørsmål som er avleidd av dette, er kva det rettssøkande publikum er best tent med. Det er også ein diskusjon om det treng å vere nokon samanheng mellom formell utdanning og kompetanse og kvalitet på tenestene. Er advokattittelen nokon garanti for kompetanse og kvalitet?

Vil avskaffe advokatmoms

Det er mange sterke dissensar i innstillinga. Tre av medlemma i utvalet har funne grunn til å gå sterkt i rette med fleirtalet. Dei hevdar at innstillinga i for stor grad er prega av konkurranserettslege synsmåtar.

Men på eitt viktig punkt er utvalet meir samla: Seks av åtte i utvalet vil avskaffe ordninga med moms (24 prosent) på advokattenester for privatpersonar. Konsekvensen vil vere at advokattenester blir billigare igjen for folk flest. Moms på advokattenester vart innførd frå 1. juli i fjor etter at Stortinget innførde moms på all tenesteyting. Andre brukarar skal framleis betale moms på advokattenester, meiner utvalet.

Eit samla utval vil betre den offentlege rettshjelpsordninga. Utvalet vil heve inntekts— og formuesgrensene, og utvide saksområda det kan ytast fri rettshjelp til. Det inneber at fleire vil nyte godt av rettshjelpsordningane.

Vil liberalisere

Utvalet er delt i tre fraksjonar i spørsmålet om kven som skal ha rett til å drive rettshjelp. Leiaren, Einar Hope, byrettsdommar Ruth Anker Høyer og tidlegare stortingsrepresentant Roger Gudmundseth går lengst i å liberalisere regelverket. Dei vil at einkvar i prinsippet skal kunne yte rettshjelp.

To andre av utvalsmedlemma vil òg avskaffe advokatmonopolet, men meiner at juristar og andre med «annen tilfredsstillende erfaring» også bør kunne yte rettshjelp.

Tre andre medlem, to av dei praktiserande advokatar, ein av dei Helge Jakob Kolrud som var formann i Advokatforeningen 1991-94, vil ikkje endre dagens regelverk. Dei meiner det er naudsynt å stille krav om formell kompetanse.

Dagens regelverk opnar for at det unntaksvis kan godkjennast at andre enn advokatar yter rettshjelp på spesielle rettsområde når dei har tilfredsstillande utdanning. Juristar kan òg etablere seg som rettshjelparar, men denne ordninga har vore lite vellukka, meiner dette mindretalet.

Skal prosedere

Eit fleirtal på fem av dei åtte medlemma i utvalet går inn for at dei som driv rettshjelp, (andre enn advokatar) også skal kunne prosedere for domstol, eventuelt avgrensa til eit bestemt rettsområde.

Mindretalet meiner at dagens ordning med at ein normalt må ha advokatløyve for å kunne opptre for ein domstol, må oppretthaldast. Mindretalet meiner at omsynet til rettstryggleiken tilseier at den som skal prosedere har eit visst minimum av kvalifikasjonar.