Det er bodskapen frå Bergens-advokaten Harald Hove, som har leia det offentlege utvalet som i går leverte tilrådinga si til justisminister Odd Einar Dørum (V).

Hove meiner at formålsparagrafen saman med eit pålegg om at dokument som det ikkje er «fornuftig grunn» til å unnta, skal vere offentleg, vil verke til auka innsyn.

Men ingen vil love at endringane, om dei går igjennom, vil føre til dramatisk auka innsyn på kort sikt.

«Motkrefter»

Hove seier til Bergens Tidende at han er budd på at presseorganisasjonane vil meine at lovframlegget ikkje går langt nok. Han har sjølv ingen problem med å vere samd i det.

— Men temaet er ikkje å få eit framlegg som går langt nok, men å få igjennom det som ligg der nå. Det er mange nok, både utanfor forvaltninga og embetsmenn i ulike departement, som ikkje er særleg positivt stemt overfor dei framlegga som nå ligg på bordet. Å få dette igjennom, blir krevjande nok.

Dagens offentleglov vart vedteken i 1970. Lova har aldri hatt nokon formålspragaraf. Det ynskjer lovutvalet å innføre nå.

Kontroll og tillit

I framlegget heiter det at «formålet med loven er å bidra til åpenhet og innsyn i offentlig virksomhet for derved å styrke informasjons- og ytringsfriheten, den demokratiske deltakelse, allmennhetens kontroll og den enkeltes rettssikkerhet».

Justisminister Odd Einar Dørum meiner at auka innsyn i forvaltninga vil styrke borgarane sin tillit til forvaltninga, gje betre kontroll og auke debatten. Han seier dette er heilt avgjerande for demokratiet.

Det er spørsmålet om innsynsretten i såkalla organinterne dokument som har bydd på størst problem under utvalsarbeidet. Her har motstanden frå forvaltninga vore sterkast mot å opne for meir innsyn, og her har utvalet eigentleg ikkje kome nokon veg.

— Det har vore ulike haldningar i utvalet, som vi diverre ikkje har lykkast i å sameine, seier Hove.

Lovutvalet vil innsnevre unntaka frå innsyn og gjere unntaka meir presise. Utvalet meiner lova skal bli enklare å praktisere og at det skal bli enklare å krevje og få innsyn, ifylgje Hove.

Utvalet vil auke innsynsretten overfor dokument i utanriksforvaltninga, og innan offentlege anbod.

Vil «gje» og «ta»

Utvalet vil også lovfeste at lova skal gjelde for offentleg eigde aksjeselskap som i dag til dels ikkje er omfatta av lova. Med det vil lovutvalet «gjeninnføre» innsynsretten i offentlege verksemder der innsynsretten er blitt fjerna som fylgje av omorganiseringar i offentleg forvaltning. På den andre sida vil fleirtalet i utvalet gje vidare høve til å utsette tidspunkt for når dokument blir offentleg.

Justisminister Dørum vil nå sende framlegget ut på høyring og tek sikte på å fremja framlegg til ny lov i løpet av neste år.

Innstillinga er prega av mange dissensar. Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening er den som ville gå lengst i å opne for utvida innsyn.