OLAV GARVIK

— Dette tykkjer eg svært lite om. Iallfall burde Nei til EU få like mykje pengar som Ap, seier Sigrid Brattabø Handegard som er leiar i Hordaland Senterparti til Bergens Tidende. Ho tykkjer det er meiningslaust at Arbeidarpartiet, som har som mål å få Noreg inn i EU, og dermed tek sjansen på å svekkja våre velferdsordningar, skal bli velsigna med over 8 millionar kroner totalt frå LO og fagforbunda. Det er meir enn nokon gong før.

— Eg er sjølv fagorganisert gjennom Fagforbundet, og er bekymra for at mine medlemspengar skal gå med til å svekkja det velferdssamfunnet som er bygd opp. Vi skal ikkje gløyma at Høgre alt i 2007 aktar å senda søknad om norsk medlemskap, og Ap vil truleg vera med på ferda. Derfor må Nei til EU få høve til å visa musklar, seier Brattabø Handegard vidare. Ho er ved sida av leiarvervet i Senterpartiet også andrekandidat på stortingslista og varaordførar i Jondal.

— Eg er spesielt forundra over at forbundsleiar Jan Davidsen, som er kjent som ein overtydd nei-mann, kan vera med på så einsidig støtte. Det er eit paradoks for meg. Det seier også sitt at Nei til EU har søkt LO om å vera med å dekkja delar av løna til ein sekretær, men utan å ha fått noko svar, seier Sigrid Brattabø Handegard vidare.