Viksveen som i meir enn to år var sikta for grov spionasje til fordel for Aust-Tyskland, har nå sendt ein omfattande klage til EOS-utvalet.

Riksadvokaten la vekk saka mot Viksveen 2. november i år, nærmast på dagen to år etter at det var gjennomførd ransaking mot Viksveen, på kontoret og i boligen i Brussel og i Stavanger.

Føremålet

Grunnlaget for klagen er den behandlinga han var utsett for under dei to åra med etterforsking.

— Målet med klagen er å påvise at POT ikkje er eigna til å drive regulær etterforsking. Det bør i staden overlatast til det ordinære politiet, seier Viksveen til Bergens Tidende. «Farga etterforsking»

— Det eg har opplevd og fått innsyn i gjennom saka mot meg, er at dei trekker med seg den hemmelege verda si og måten å tenkje på, inn i etterforskinga på ein måte som fargar etterforskinga. Den er langt frå objektiv og sakleg. Dei er utan evne eller vilje til å ta inn over seg motforestillingar og opplysningar som går på tvers av det dei alt har bestemt seg for.

Tvert om har eg opplevd ein aktivitet og haldningar som både er nedslåande og deprimerande, seier Viksveen.

- Uverdig

  • Eg har også opplevd at mykje av det POT og den høgare påtalemakta sa og gjorde hadde som føremål å råke og diskreditere meg. Eg meiner det var uverdig, seier Viksveen.

Viksveen og forsvararen, advokat Atle Helljesen, har ennå ikkje teke stilling til om Viksveen skal krevje erstatning.