Uavhengige juristar meiner nå at den eine handa knapt veit kva den andre gjer i Kommunaldepartementet.

Ikkje samsvar

Så seint som 19. desember i fjor stod Kommunaldepartementet fast på at standpunktet i Vik-saka frå 2002 var rett.

Etter den tid har Lovavdelinga i Justisdepartementet fastslege at Kommunaldepartementet tolka lova feil, noko departementet har akseptert

Nå seier fleire uavhengige juristar til Bergens Tidende at det ikkje er samsvar mellom det standpunktet Kommunaldepartementet tok i Vik-saka og i ei liknande sak om Saltdal kommune. I saka frå Saltdal ynskte kommunen å endre ein låneportefølje for å få ei eksponering som var i betre samsvar med inntektene den hadde frå VAR-gebyr (vatn, avlaup og renovasjon). For å oppnå dette ville kommunen inngå ein rentebyteavtale. Ved rentebytet ville kommunen få utbetalt eit eingongsbeløp, og spørsmålet var om ein kunne likestille dette med eit låneopptak i kommunelova si meining. Ja, konkluderte departementet etter å ha ruga på saka i ni månader.

I Saltdal-saka uttalar departementet «at rentebytteavtaler med netto utbetaling ved avtaleinngåelse er å likestille med et låneopptak i kommunelovens forstand».

Det inneber mellom anna klare restriksjonar på behandlingsmåten og pengebruken.Revisor Ingvar Linde, som freista å få stansa Terra-investeringane allereie i 2002, opplyser til Bergens Tidende at innhaldet i Saltdal-saka er svært likt og rører ved dei same forholda som han tok opp då han på ny slo alarm i fjor sommar. Det førte til endringar i vilkåra for Vik kommune.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sendte den nye saka frå Linde over til Kommunaldepartementet i september, men ennå har departementet ikkje reagert.

Linde opplyser at han allereie i månadsskiftet april/mai i fjor tok forholdet direkte opp med meklarane i Terra og framheldt at det dei nå dreiv med, var ulovleg.

— Til det svara dei berre: »det er ikkje noko problem, vi berre endrar noko på formuleringane», seier Linde.

— Fråsegna frå departementet i Saltdal-saka ser ut til å innebere ei klar innstramming i fortolkinga av låneomgrepet og ei kursendring i høve til Vik-saka, seier advokat Børge Benum til Bergens Tidende. Han er leiar for advokatane i KS, Kommunenes Sentralforbund.

Hugo Matre, som er professor i privatrett ved Universitetet i Bergen, er samd med advokat Benum. Til Bergens Tidende seier han:

Kritisk

— Fråsegna frå departementet i Saltdal-saka harmonerer ikkje godt med fråsegna i Vik-saka. Derimot er det betre harmoni mellom fråsegna i Saltdal-saka og den uttalen vi nå har fått frå Lovavdelinga i Justisdepartementet.

Matre er også sterkt kritisk til måten Kommunaldepartementet har handtert oppfølginga av Terra-saka. Det gjeld mellom anna den sterke avgrensinga av granskinga som hindra søkelys på departementet si eiga rolle i saka.

Kommunaldepartementet i går ikkje forklare kvifor det kom til motsette konklusjonar i dei to sakene