• Overvakingspolitiet si videoovervaking av Arne Treholt sin bustad kunne kaste lys over kofferten med pengebeviset, seier høgsterettsdommar Ketil Lund.

Slik forklarar høgsterettsdommaren overfor Bergens Tidende at han varsla om videoovervakinga.

I meir enn 14 år heldt han og granskingskommisjonen han leia, tett om at Treholt sin bustad vart videoovervaka av overvakingspolitiet i 1982–84.

— Rett å varsle

Men etter at boka «Forfalskningen. Politiets løgn i Treholt-saken» kom ut i september, fann Lund grunn til å varsle førstestatsadvokat Lasse Qvigstad og advokat Harald Stabell om det han visste.

— Eg hadde ikkje tenkt korkje på Treholt-saka eller videoovervakinga sidan vi overleverte rapporten vår til Stortinget i 1996. Men då opplysningane om kofferten kom, hugsa eg brått videoovervakinga som vi fekk kjennskap til under arbeidet i kommisjonen. Eg fann det difor rett å varsle Qvigstad og Stabell om det eg kjende til, seier Lund.

Det er ingen spor av at Lund-kommisjonen kjende til videoovervakinga i rapporten frå kommisjonen.

Tofte-notat

I september i år forfatta pensjonert politiinspektør Ørnulf Tofte eit notat til Qvigstad om videoovervakinga av Treholt sin bustad. Tofte var etterforskingsleiar under etterforskinga mot Treholt.

Tofte opplyste då at han i nesten ein heil dag sat i avhøyr med dommar Lund og forklarte seg om elektronisk overvaking av bustaden til Treholt.

Lund seier til BT at han ikkje har noko minne av dette. Han ser likevel ikkje bort frå at han kan ha blitt tilkalla under eit avhøyr av Tofte og vore med ei stund. Normalt var det politietterforskarane frå Kripos og Økokrim, engasjert av Lund-kommisjonen, som gjennomførde avhøyra, opplyser Lund.

Qvigstad som var aktor i straffesaka mot Treholt hadde ingen kunnskap om videoovervakinga. Den fekk han først då han vart oppringt av Lund. Det skjedde søndag 19. september i år om morgonen.

- Veldig overraska

— Eg vart veldig overraska over å bli oppringt og fortald om videoovervakinga. Lund gav ingen grunn for å ringe meg, seier Qvigstad.

Han opplyser at han først i 1998 vart klar over at bustaden til Treholt hadde vore romavlytta. Det kom fram i bokverket «Den hemmelige krigen», forfatta av historikarane Trond Bergh og Knut Einar Eriksen. Dei skreiv historia om overvaking i Noreg i åra 1917–1997.

Men opplysninga om videoovervaking fekk han først av Lund.

Advokat Stabell opplyser at heller ikkje han fekk noka grunngjeving av Lund då han informerte om videoovervakinga.

Stabell har sidan bede om å få opplysningar om kva type materiale overvakingspolitiet, PST, har levert til Gjenopptakingskommisjonen for straffesaker.

Han seier at han har bede om å få opplysningar om fotonegativar og film, men utan å få svar.

Sletta opptak?

Ifylgje opplysningar BT har fått, skal videoopptaka ha blitt overvaka kontinuerleg av spanarane som var plassert i dekkleilegheita POT hadde i etasjen skrått over bustaden til Treholt, i Oscars gate i Oslo.

Ifylgje desse opplysningane eksisterer det ikkje fortløpande opptak av det kameraet og spanarane observerte. Opptak skal vere sletta og overspela når spanarane ikkje fann noko av interesse.

Det er også uklart kor god kvaliteten av opptaka er, kor mykje videoovervakinga «gav» overvakarane.