Det inneber ei kuvending i departementet ettersom det er departementet som sjølv har bestemt at dagens ordning skal avviklast.

I staden skulle det kome ei ny teneste som skulle bli tilgjengeleg for alle.

Knallhard kritikk

Onsdag fekk departementet knallhard kritikk for handteringa si av saka. Det gjeld mellom anna misvisande informasjon om årsakene til nedlegginga av dagens ordning.

Interne dokument viser også at det ikkje er sett av midlar til å få ei ny ordning på lufta. Dessutan er ei teknisk løysing som vil ha tilstrekkeleg kapasitet, heilt i det blå, opplyser gode kjelder.

Demokratispørsmål

135 redaksjonar har nå tilgang til den elektronisk postjournalen. Den gjer det mogeleg å få oversyn over all korrespondanse til og frå departement og direktorat. Statsministerens kontor og Finansdepartementet har hittil nekta å vere med.

Postjournalen er nøkkelen for media til å føre oppsyn og kontroll med forvaltninga. Det har vore framheva som viktig for folkestyret.

Onsdag i denne veka var ei rad brukarar av den elektroniske postjournalen invitert til eit informasjonsmøte om «nyordninga».

Massiv kritikk

Det kom då fram at vedtaket om å legge ned den eksisterande journalen står ved lag, men at ein ikkje har makta å etablere ein ny som vil gje like god tilgang til å søke etter dokument.

— Både brukarane og representantar frå fleire departement retta massiv kritikk mot «opplegget» eller rettare sagt mangel på opplegg, seier generalsekretær Nils Øy i Redaktørforeningen, til Bergens Tidende.

Han seier at det vart invitert til dialog, men det var ingenting å ha dialog om, ettersom Administrasjonsdepartementet ikkje hadde noko å presentere.

Alarm i departementet

Etter dette møtet gjekk alarmen i Administrasjonsdepartementet.

— Arbeidet med å opprette ei ny ordning for tilgang til ein elektronisk postjournal er nå intensivert. Statsråden har engasjert seg i saka. Det blir nå arbeidd intenst med å finne ei løysing som er minst like god som dagens ordning, seier informasjonsrådgjevar Lisa Bang i Administrasjonsdepartementet til Bergens Tidende.

Ho legg til at statsråd Norman er lite nøgd med bildet som nå blir teikna av at han har ynskt å gjere innsyn og tilgang til dokument vanskelegare enn før.