HANS K. MJELVA

Samstundes som forskjellen på fattig og rik auka på 1990-talet, endra nordmenn oppfatning av kva forskjellar som var akseptable: Sjølv om folk oppfatta at forskjellane vart større, meinte dei det auka skiljet var rett og rimeleg.

Det er ein av konklusjonane i eit forskingsarbeid som blir presentert i siste nummer av Sosiologisk Tidsskrift, som kjem ut i dag.

— Folk ser større forskjellar, og i alle fall i den perioden det her handlar om med eit ideologisk trykk for marknadsliberalisme, ser det ut til at folk i større grad aksepterer større ulikskap, seier professor Knud Knudsen ved Høgskulen i Stavanger.

- Trist for sosialdemokratar

— Norge har mindre skilje mellom rik og fattig enn dei fleste land i verda. Det har vi sett på som eit positivt særtrekk ved landet, men no meiner Knudsen desse haldningane er i rask endring.

— For 15 år sidan ville dei fleste, inkludert meg sjølv, trudd at folk ville reagere, forlange større omfordeling og velje politikarar som ville stoppe marknadsliberaliseringa. Difor tykkjer eg dette er ganske interessante og viktig funn. I ei befolkning som har sett på seg sjølv som veldig egalitært innstilt, ser det ut til at den grunnhaldninga blir svekka relativt raskt. Så ut frå eit tradisjonelt sosialdemokratisk perspektiv er det litt triste funn, seier Knudsen.

— Vil dette seie at vi er i ferd med å bli meir «amerikanske»?

— Ja. Viss du tek omsyn til partitilknyting ser du at endringa i synet på lønsskilja gjeld alle grupper. Alle har tatt eit skritt til høgre, seier han.

Meir i vente

Funna til Knudsen høver godt med ein del sentrale sosiologiske teoriar: At den faktiske utviklinga endrar folks oppfatning av rettferdig fordeling og økonomiske skilnader.

Viss utviklinga med skattelette og marknadsliberalisering held fram, kan det difor vere duka for framleis svekking av det norske likskapsidealet, trur Knudsen.

— Men det vil vi først vite om 5-10 år, og det vil blir eit kjempespanande spørsmål. Til no har det norske folket opplevd fordelane av globaliseringa, men det er teikn i tida som kan tyde på lønnssenkingar, press på arbeidsplassar og så bortetter. Det kan vere slik at det ideologiske trykket vil endre seg - at vi får større fokus på ulempene med utviklinga. Det vil kunne endre utviklinga. Men eg trur at folk vil halde fram med å akseptere auka forskjellar ei stund til, seier han.

Ikkje amerikanarar enno

Artikkelen til Knudsen byggjer på to omfattande spørjeundersøkingar Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste (NSD) gjorde i 1992 og 1999. I 1999 var 2400 nordmenn med i undersøkinga, som er ein del av The International Social Survey Programme (ISSP), som blir gjennomført i 30 land.

Folk vart spurt om kva dei trudde ni ulike yrkesgrupper tente, og kva dei meinte dei burde tene. Her var alt frå butikkmedarbeidar til direktør og høgsterettsdommar med.

I 1999 meinte nordmennene at ein direktør i ein stor fabrikk burde tene nær 850.000 kroner i året, tre gonger meir enn ein industriarbeidar.

I trå med folks oppfatning vart skilnadene større på 1990-talet. Spesielt auka aksjeutbytte førte til at dei rike vart rikare. Medan dei ti prosent rikaste tente 4,8 gonger meir enn dei ti prosent fattigaste i 1990, tente dei 6 prosent meir i 1997.

Tendensen i den internasjonale undersøkinga er at folk i den vestlege verda godtek stadig større forskjellar, men at dei skandinaviske landa framleis godtek mindre skilnader enn dei gjer i Storbritannia og USA.