JAN STEDJE jan.stedje@bergens-tidende.noOldedalen

— Norsk drikkevatn er ettertrakta også i utlandet. Vi har hatt jamn stigning i USA, der høgare pris gjer eksporten lønsam, seier dagleg leiar Knut Ødven i Olden Brevatn A/S til Bergens Ti-dende.

No siktar brevatnet frå Oldedalen seg inn på den store tyske marknaden på litt sikt. Og nytt utstyr, med meir automatisering av produksjonen, kjem på plass i løpet av eit par månader hjå Olden Brevatn.

— Nye maskiner vil auke kapasiteten i denne produksjonslinja frå 8000 til 12.000 halvliterflasker i timen, seier Ødven.

Frå dei uutømmelege kjeldene under Jostedalsbreen tappa fabrikken innerst i Oldedalen 14 millionar liter drikkevatn i fjor, mot 12 millionar liter året før.

Og no drikk nordmenn flaskevatn som aldri før. Auken er størst på flasker for Olden Brevatn, som i fjor også fekk ein liten volumvekst på sine 20 liter store behaldarar, levert til bedriftskundar.

— Men det er i flasker ekspansjonen var størst i fjor, med heile 1,5 millionar liter volumvekst, seier Ødven.

Det er Hansa sitt distribusjonsnett på Vestlandet og Austlandet som får Olden ut på innanlandsmarknaden. Eksporten går med containerar frå Måløy.

Det som starta opp svært så forsiktig, med eit par-tre arbeidsplassar i Oldedalen, har utvikla seg til ei lokal mellomstor bedrift i denne delen av Stryn. På produksjonssida er det no 15 tilsette ved Olden Brevatn A/S.

— Etter utvidinga, og meir automatisering, vil Olden Brevatn neste år auke opp til 20.000 halvliterflasker i timen, eller 14.000 per time av dei største flaskene, seier Ødven.

.