LARS MÆLAND Oslo

Alt medan kokk og hytteutleigar Jens Arnt Agasøster sveittar på bakrommet med å laga nok fiskesuppe til å lokka folk til å stansa på standen til trekantkommunane Bømlo, Stord og Fitjar.

– Saman er me sterkare, og får meir merksemd, meiner både Frode Briksdal frå Nordfjord og Gerd Helen Selle frå Sunnhordland. Vestlendingar på reiselivsflørt i Oslo, der målet er å trekkja reiselystne til kvar sitt område av den vakre landsdelen.

Første felles – For første gang har me ein felles stand for reisemål Stryn og Nordfjord, noko som gjer at me kan presentera eit breitt utval reisemål frå Selje ytst mot–storhavet til sommarskisenteret på Strynefjell. Eg har vore her før og fått god respons, men har tru på at denne felles satsinga kan gi endå betre resultat, seier Frode Briksdal i Briksdal Breføring.

– Ingen tvil om at me har fått større merksemd etter at me gjekk saman om ei felles markedsføring, seier Gerd Helen Selle, leiar av Bømlo reiselivslag som for tredje året på rad reiser til messa på Sjølyst saman med kompanjongar i Stord og Fitjar, og med støtte frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Knyter kontaktar – Ved å gå saman når me breiare ut, og reiselivsmessa er ein viktig møteplass der ein knyter kontaktar med turoperatørar og folk elles i bransjen, og direkte med publikum, seier Selle før ho ausar opp meir fiskesuppe.

Men på sin rusletur opningsdagen av den 14. internasjonale reiselivsmessa på Sjølyst tok ikkje kong Harald seg tid til å stoppa på standen der bilda frå bruer og tunnelar i Trekantsambandet er ruvande innslag.

– Kongen gjekk forbi i dag, men me får satsa på at han kjem og besøkjer oss til våren, seier Inge Hystad, informasjonsansvarleg for Trekantsambandet som håpar på kongeleg opning av veganlegget i slutten av april.