JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no— Det er viktig å visa at vi er på bana. No gjeld det å halda trykket oppe, seier Arne Jakobsen, fadder for Vestlandspakken og den felles framstøyten frå fire vestlandsfylke inn mot Stortingets handsaming av Nasjonal Transportplan.Det vart seine kvelden i går og før Stortinget hadde diskutert seg gjennom alle merknader og forslag til Nasjonal Transportplan for 2002-2011. Til siste slutt På tilhøyrargalleriet sat byråd for Bergensprogrammet, Tom Knudsen, og fekk med seg at Stortinget stadfesta Bergensprogrammet og ny bompengeordning frå 1. januar 2002. Saman med Knudsen sat ordførarane John Skogseth, Jondal, Lorentz Lunde, Tysnes, Toralv Mikkelsen, Odda, Anved Johan Tveit, Eidfjord og Einar Lutro, Ullensvang. Og så Arne Jakobsen frå fylkestinget, sjølvsagt. Og Øyvind Halleraker. Frå Bergen Næringsråd møtte Ole Johan Sagen, og Sven Hatlem representerte NHO i Hordaland. Kyststamveg på halve tida Det var den mykje omtalte kjøtvekta som særleg Oddvard Nilsen har uttalt at han sakna tidlegare, og kjøtvekta vakta over stortingsdebatten til siste slutt.Med seg heim att får dei både Jondalstunnel, ny veg gjennom Rullestadjuvet og ny veg frå Bergen til Os.- Men det er tynne saker omKyststamvegen frå Stord og nordover over Tysnes. Vi kan ikkje venta heilt til neste planperioden, etter 2011, klagar Lorentz Lunde.- Med det tempoet Nasjonal Transportplan legg opp til, vil det ta femti år å byggja ein ferjefri stamveg mellom Stavanger og Bergen. No vil vi be staten, fylkeskommunane, kommunane og næringslivet om å gå saman i eit offentleg-privat samarbeid, så skal vi byggja ferdig Kyststamvegen mellom Bergen og Stavanger på halve tida, seier styreleiar Ole Johan Sagen til BT. Kollektivtransport i fokus Arne Jakobsen er elles oppteken av at Stortinget no pressar regjeringa til å arbeida med kollektivtransporten. Ein klår konsekvens, meiner han, av det sterke søkjelyset som i lengre tid har vore retta mot kollektivtrafikken i Bergen. Regjeringa vert beden om å gjera greie for korleis kollektivtransporten skal auke sin del av det totale transportarbeidet. Utgreiinga må liggja føre i samband med budsjettet i haust. Regjeringa vert og beden om å gje Stortinget eit forslag om resultatstyrt finansiering av kollektivtransporten, det ein kallar kvalitetskontrakter.For ferjefylka på Vestlandet er det sg verd å merka seg at eit samla Storting går inn for å fremja bruk av naturgass i ferjer. Og alle, unntatt SV, vil at Fjellstrand AS si nye hurtigferje, Ferry Cat, skal prøvast ut i eit samband som ligg til rette for det. Innstillinga om Nasjonal Transportplan inneheld og sterke signal frå alle parti om å få fram ei sak om skipstunnel gjennom Stad.